Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken har letta hjarta sitt og kalla ei spade for ei spade: Rennnesøy har ikkje fått det betre i den nye kommunen.

STAVANGER:

-Det er på grensa til skammeleg, seier Frps Leif Arne Moi Nilsen etter å ha lese intervjuet.,

-Med all respekt er det ikkje bare, bare at ein varaordførar, som nå skal fungera som ordførar i mange månader, går ut og snakkar negativt om samanaslåinga utan å begrunna det. Det går fint an å finna negative sider ved den nye kommunen, viss du leitar med lys og lykter. Men det er trist at ho skapar ein avstand som ikkje eksister, seier Frp-politikaren, og reknar opp goder som hjem-jobb-hjem, ny brannstasjon og planar for Vikevåg som eksempel på at Stavanger bryr seg om dei nye kommunedelane, inklusiv Rennesøy.

-Det hadde aldri blitt gratis i Finnfast nå, viss ikkje Finnøy var med i Stavanger, fastslår Moi Nilsen.

Kvadsheim uenig

Heller ikkje hennar partifelle i kommunestyret, Bjarne Kvadsheim støttar uttalelsane.

-Eg er ikkje enig med henne. Stavanger har klart å laga eit godt tilbud i heile den nye kommunen, etter mi meining, seier Kvadsheim, og reknar opp gratis SFO, heim for ein 50-lapp, hjem-jobb-hjem ordninga, skateanlegg, gratis SFO, gratis symjing i Rennesøyhallen, 20 millionar til vann og avløp i Rennesøy, meir pengar til biblioteket og auka støtte til barne- og ungdomsarbeidet.

Bjarne Kvadsheim (t.v.) saman med partifellene Birger W. Hetland og Dagny Sunnanå Hausken. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me har rett nok fått nokre tilbakemeldingar om at det er blitt større avstand til dei kommunale kontora. Men det er også dei som meiner det er bra det er blitt litt større avstand mellom dei som innstiller sakene og politikarane som skal avgjera, held Kvadsheim fram.

I intervjuet i Rogalands Avis seier Dagny Sunnanå Hausken mellom anna at Rennesøy-identiteten forsvinn.

-Avstanden er mykje større, kulturforskjellar. Rennesøy har mista styringa. Nå er Rennesøy ein liten del i eit større system, seier Sunnanå Hausken mellom anna i intervjuet, og peikar på at Rennesøy har mista 35-40 kommunale arbeidsplassar, frisklivssentralen og må kjempa for sjukeheimen og ressursar til skulen.

Positive finnøybuar

Bjarne Kvadsheim er enig i at det er viktig å ta vare på identiteten.

-Men sjå på kommunedelar som Madla, Storhaug og Hundvåg. Der er det utan tvil ein sterk identitet. Rennesøybuar kjem til å føla seg som rennesøybuar, også framover, meiner Kvadsheim.

-Gjer varaordføraren Rennesøy ein bjørnetjeneste med det ho seier?

-Her må vega mine ord på gullvekt. Skuffelsen er nok større i Rennesøy over den nye kommunen, enn i Finnøy. I Rennesøy var det ikkje eit klart fleirtal for samanslåing, i motsetning til i Finnøy.

-Finnøy er vinnaren i dette, nettopp fordi dei er så flinke til å stå samla, seier Kvadsheim som opplever finnøybuen som veldig positive og "hands on".

Høyres gruppeleiar Sissel Knutsen Hegdal  synes uttalelsane både er "veldig spesielle og oppsiktvekkande".

-Det er ei falitterklæring over eiga leiing. Ho har hatt alle muligheter til å styra og påverka. Det nyttar ikkje å skulda på Erna Solberg, slik ho gjer i intervjuet, seier Knutsen Hegdal.

Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken seier i ein kommentar at ho heile tida har vore klar over at  samanslåinga ville gjera vanskeleg å oppretthalda tenbestetilbodet som Rennesøy hadde.

-Rennesøy var ein veldriven kommune, men fleirtalspartia har gjort viktige grep både for å styrka skulen og eldreomsorga, framhevar Dagny Sunnanå Hausken, som ikkje vil kommentera intervjuet nærare i ein situasjon kor ho snart skal overta som vikarierande ordførar i Stavanger.