Bra oppmøte av foreldre og tilsette på oppvekstsenteret: F.v Kjersti Sandanger, Pål Grønås. Håvard Østhus og Tanja Giske.

FOGN:

Og det gjorde dei på oppvekstsenteret Fogn sist tysdag.,

Det er politikarane som har bede skulane i kommunen diskutera kor vidt dei ønskjer å bli leksefri. Kvar skule skal fatta individuelle vedtak.

Debatten som politikarane ønskjer dei enkelte skulane å ta, er om det er smart å droppa leksene, eller i alle fall å redusera dei? Det er ikkje lagt føringar for skulane i nokon retning.

Tilpassa lekser

Det var ingen foreldre som der og då ønskjer ein hundre prosent leksefri skule, men heller større leksebevisstheit med betre tilpassa og relevante lekser.

Rektor ved Madlavoll skule, Camilla Gramstad Hagevold informerte foreldre og lærarar om kva initiativet frå politikarane går ut på, samt hennar eigen erfaring og meinig om ein leksefri skule.

Sjølv om rektoren på Madlavoll skule er for leksefri skule, er det likevel ingen eintydige svar i den eine eller andre retninga, opplyste ho.

Rasmus Bø fekk applaus for forslaget om å innføra ein lekseplan som går over ei heil veke. På den måten kan elevane sjølve velja å gjera leksene når dei er mest opplagde, vil, har tid eller er motiverte.

Håvard Østhus var den som strekte seg aller lengst då han føreslo at det kan vera nyttig å innføra ein prøveperiode med leksefri skule fram mot sommaren.

Ingen fasitsvar

- Lekser er avhengig av at elevane har foreldre/føresette heime som kan hjelpa dei med heimearbeidet. Mykje lekser er også styr for mange familiar, og ein kan sleppa mange «kampar». Meir fritid på ettermiddagen gir elevane meir tid til å vera saman med vener, og dei blir mindre skuleleie. Dette er argument som blir brukt i diskusjonen for leksefri skule, seier Gramstad Hagevold.

- Kva med dei elevane som på grunn av språklege utfordringar er heilt avhengige av leksehjelp frå foreldra? spurte Ona Batutiene frå Litauen.

Foreldra på Fogn meinte og at viss leksene fell bort, vil ein viktig informasjonskanal mellom skulen og foreldra forsvinna. Enkelte peika også på at det er lett å mista kontrollen på kva borna faktisk lærer, eller kor mykje dei kan når dei ikkje skal ha heimelekser.

Rektor Hilde Juul som leia møtet sa at ho sjølv har ulike erfaringar frå eigne born.

Ho skal senda konklusjonen frå møtet til kommunen før påske.