Arne Bergøy er ny styreleiar i Coop Extra på Judaberg. Foto: Arkiv

FINNØY:

Det avtroppande styret kunne visa til svært gode resultat, og den nye leiaren overtek ei godt rigga skuta.,

Resultatet før skatt i fjor blei 3 911 814 kroner. Etter skatt 2 977 426 kroner. Som takk for god innsats i ein krevjande pandemi, blei dei tilsette tilgodesett med 200 000 kroner i bonus.

Sjukefråværet i fjor var rekordlågt, med 2,48 prosent som skal vera svært bra i butikksamanheng.

Alt i alt var fjoråret eit godt år for Coopen.

Tre prosent kjøpeutbyte

Som sikkert mange har fått med seg var det i tida før årsmøtet mogleg å tippa verdien av ei fullstappa handlevogn som stod utstilt i butikken.

Ole Henry Asheim og Monika Beak tippa same resultat, 1450 kroner, som også var den eksakte verdien av varene. Dei to fekk kvar sin gåvesjekk på 1500 kroner, medan handlevogna blei lodda ut på ny. Anne Rosnes Nåden blei den heldige vinnaren og kunne stikka avgårde med innhaldet.

Vida blei det bestemt at kjøpeutbyte på 3 prosent skal halda fram gjennom heile 2022. Dette beløpet blei auka frå to prosent frå i fjor vår.

Dette er det nye styret:

Arne Bergøy, leiar

Aksel Tungland, nestleiar

Liv Drange Bråthen, styremedlem

Ragna Kristine Bleie-Landa, styremedlem

Elin Mjølsnes Hesby, 1.vara

Merete Halleland, 2.vara

Szilvia Beak, representant for dei tilsette

Bjarte Vestbø, vara for dei tilsette