Det blir lagt drensrøyr og pukk i veggrøfta, som kan utvidast med ein halvmeter når det kjem nytt asfaltdekke neste år.

RENNESØY:

Det opprinnelige arbeidet skulle vera ferdig til nyttår. Men på grunn av blant anna etter flaum, fekk Vegvesenet meir midlar av fylket til å utbetra vegstrekninga endå litt til. Dermed blei det meir arbeid og ytterlegare forsinkingar.,

- No er eg redd det fort kan bli sommar før me er ferdige med alt. Arbeidet har blitt litt meir omfattande enn først tenkt, opplyser Tor Skårland i Statens Vegvesen.

Asfalt neste år

Vegen er den kjappaste køyreruta mellom Østhusvik og Vikevåg, og trafikken her er stor og har ein del tungtrafikk. Ei lita trøyst for bilistar som køyrer vegen med hjarta i halsen, er at det er planar om å leggja asfaltkanten ein halvmeter lenger ut slik at det kan bli enklare å passera.

- Ja, det er det er ein del av arbeidet med held på med. Målet er at to bilar skal kunne passera kvarandre. Det jobbast også med å utbetra den krappe svingen ved busskuret mot toppen, samt å utvida vegen frå pakkeriet og ned til sentrum i Østhusvik. Me skal og drenera delar ev vegen. Når det gjeld asfaltering blir det mest sannsynleg ikkje før til neste år. Fylkeskommunen ønskjer at vegen skal få setta seg godt først, og at ein får sjå at alt funker som det skal før asfaltering, seier Skårland.