Midlertidig opning av Hesby kyrkje
Delar av staben i kyrkja brukte føremiddagen tysdag til å rigga kyrkjerommet klar til gjenopninga i dag. Kyrkja har vore stengt sidan 7. januar.
- Oddbjørg Måland
FINNØY:
Arbeidet med å fjerna kalken på innsida veggene i koret er fjerna, og no skal dei tørkast ein periode før veggene blir påført ny kalkmaling. I mellomtida opnar kyrkja for aktivitet.,
Nå som kalkmalinga er vekke og dei kraftige steinveggene er komme fram i dagen, er det mange på Facebook som har gitt uttrykk for begeistring.
Går framover
- Kyrkja blir open inntil vidare, men eg veit ikkje eksakt kor lenge, men i alle fall til over sommaren. Då er det dei andre veggene som står for tur. No går programmet som vanleg, me skal blant anna ha fleire vigslar og barnedåpar i løpet av våren og sommaren.
Men fyrst er det skuleframsyninga «Pasjonstidens Mysterium», som 6. klasseelevane på Sentralskulen skal ha onsdag, i dag. Deretter blir det kveldsgudsteneste med forbønn for Ukraina 6. april, og den tradisjonelle pasjonsgudstenesta langfredag og høgtidsgudstenesta 1. påskedag, opplyser leiar i kyrkja i Finnøy, Heidi Bø Sangedal.
Utvendig er kalkmalinga på veggene i koret fjerna. Det er venta at arbeidet med vidare rerstaurering skal begynna igjen i løpet av våren.
Også glassmaleria i dei tre austvinduene i koret er under restaurering. Dei har sidan førsten av februar vore til overhaling i glasverkstaden til Nidarosdomen i Trondheim. Vinduene har eit rammeverk av jern, som viste seg å vera angripne av rust. Særleg i nedre kant er skadene så store at blyglasvindauget er delvis deformert. Sjølve glaset skal vera i bra stand.
- Det seiest at vinduene er ferdig restaurert og på veg tilbake til Finnøy, utan at eg kan stadfesta det, seier Bø Sangedal.
Utvending meisling og arbeidet med ny fuging vil pågå heile dette året.
For å halda dei verneverdige kyrkjene på øyane i stand har Stavanger kirkelige fellesråd søkt om 30 millionar kroner til rehabilitering.