Ryklame, Blomen og Lykkelig skal arrangera neste Rennesøydag
Tre rennesøybedrifter vil arrangera neste Rennesøydag siste helga i august. Det er Ryklame, Blomen Hage & Landskap og garn- og interiørbutikken Lykkelig i Vikevåg.
RENNESØY: Ifølge koordinator på Innbyggartorget. Tina Nådland, er det avgjort at desse tre får arrangera bygdedagen på Rennesøy til hausten.
-Men eg trur dette kan bli kjempebra, dei driv virksomhet her i Rennesøy og har eit stort nettverk, som var blant krava i søknaden. Me har vurdert søknaden og går for dei, opplyser Nådland til Øyposten.
Årets Rennesøydag blir 25.-27. august, den siste helga i månaden, som i fjor. På Rennesøydagen i fjor var det kring 2000 besøkande.
Tom Egill Tobiassen i Ryklame ser fram til å gå i gang med arrangementet.
-Nå skal me først setja ned ein komite av lokale krefter, alt frå bondelag til idrettslag og andre lag og organisasjonar, seier han.
Følte på kallet
Stavanger kommune sponsar arrangementet med 150.000 kroner, og i tillegg håpar Tobiassen på 50.000 kroner frå sponsorar.
-Kvifor søkte de om å få arrangementet?
-Me følte på kallet, rett og slett. Rennesøydagen er veldig viktig som ein arena for å visa fram kva Rennesøy kommunedel er god for. Me håpar også å gi dagen eit løft og skapa endå meir liv, seier Tom Egill Tobiassen.
Masse gøy i vente
Programmet er sjølvsagt ikkje klart ennå, men arrangementet kjem til å strekkja seg over tre dagar.
-Me kjem til å ha masse gøy og mange happeningar på programmet i løpet av heile helga, forsikrar Tobiassen.
Laurdagen blir arrangementet frå 11–15, og i tillegg til marknadsboder, tenkjer dei seg leiker og kåringar.
-Bedrifter frå Finnøy er sjølvsagt velkomne til å stilla ut hos oss, understrekar Tom Egill Tobiassen, som er glad for å ha fått med Elin Rydningen frå Blomen Hage & Landskap og Lene Dalaker frå garn- og interiørbutikk Lykkelig i Vikevåg på arrangementet.
-Elin Rydningen har erfaring frå Gladmat’en i Stavanger, og veit korleis du skal leggja opp arrangement som gjer at folk trivst. Og Lene har ei stor kontaktflate, understrekar Tobiassen.