Jagar grågås med laser – sjå stadene som har fått løyve til skadefelling
Ut mot Mortevika blir det i desse dagar bruka ein spesiell metode for å skremme vekk grågås.
– Bestanden av grågås veks i heile Europa. I skjergarden til Stavanger kommune hekkar det no grågås over alt, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand i kommunen.
Grågåsa kan gjere stor skade på grasavlingar. I tillegg kan den trenge vekk andre fuglar.
Grytidleg fredag morgon var Ankarstrand og kollega Linn Marie Flølo i Nordre Rennesøy fuglefredingsområde for å jage gjess med laser.
Best i morgongryet
– Me har engasjert ein annan person til å gjere dette, men enkelte gonger må me vikariere, seier Ankarstrand.
Med ein laserstråle stressar dei gjessene slik at dei tek til vengene. Metoden gjer det mogleg å rimeleg presist jage akkurat dei fuglane dei ønskjer.
– Laser fungerer best i grålysninga og skumringa, difor er me ute så tidleg. I sollys har den liten effekt, seier Ankarstrand.
Kjøp og bruk av laser er strengt regulert og krev løyve frå Direktoratet for strålevern og atomberedskap. Medan dei held på, må dei følgje strenge HMS-rutinar.
Lov til skadefelling
Gjessene kjem typisk trekkande til Ryfylkebassenget i februar – mars. På stader der fuglane gjer stor skade på grasavlingar, kan kommunen gje løyve til skadefelling.
– I år har me gitt mellom 20 og 25 skadefellingsløyver. Kvart løyve er på opp til tre fuglar, seier Ankarstrand.
Han fortel at Nordre Rennesøy truleg er det området i Stavanger med mest grågås.
Gjennom våren feitar gjessene seg opp til hekking og den seinare fjørfellinga i juni.