HALSNØY: Butikkeigaren på Halsnøy vurderte å stengja butikken i vinter på grunn av dei høge straumprisane.

-Støttepakken som regjeringa har lagt fram gjer at me truleg ikkje treng det, viss fastprisavtalane kjem på plass slik antyda. Viss me får ein fastpirs på mellom ei og to kroner kilowattimen, er det til å leva med, slår han fast.

Regjeringa la fredag fram forslag om straumstøtte til næringslivet. Forslaget går mellom anna ut på å dekka 25 prosent av kostnadane ved ein straumpris som er over 70 øre per kilowattime.

Mulighet for kriselån

Kjetil Ørnes. Foto: Arkiv

Støtta vile vara ut dette året. Etter nyttår skal bedriftene over på fastprisavtalar. Taket på støtta er 500.000 euro per bedrift, noko som er fastslått i EU-reglementet.

Derssutan vil det vera mulighet for støtte til å kartleggja tiltak for meir effektiv energiutnytting. Tilskotet vil vera opp mot 50 prosent av kostnadane, og i tillegg vil det vera ei ordning med kriselån for bedrifter råka av høge straumprisar.

Ordninga gjeld for bedrifter med eit straumforbruk som utgjer minst tre prosent av utgiftene.

Skrur ned temp’en

Butikkleiar Oddfrid Nygård Nedrebø i Joker Helgøysund er ikkje imponert over støttepakken. Her saman med butikkmedarbeidar Jushyna Kowalska (t.v.) i ein tidlegare anledning. Foto: Arkiv

Butikken på Halsnøy har både installert ledlys og varmepumpe for å spara straum.

-Men varmepumpa brukar me ikkje for å spara straum, og senkar i staden temperaturen i butikken til 14 grader, seier han.

Oddfrid Nygård Nedrebø i Joker Helgøysund er ikkje imponert over støttepakken.

-Eg synes godt dei kunne kome opp med meir enn 25 prosent støtte. Straumprisane våre er jo mangedobla, seier ho.

-Men viss det kjem på plass ein fastprisavtale frå nyttår, med ein pris på mellom ei og to kroner som antyda, er det til å leva med, meiner Oddfrid Nygård Nedrebø.