Druer frå hagen blir til «kristeleg vin» på Finnøy
På Berge på Finnøy prøver Gunvor Nessa seg med «kristeleg vin», laga av druer frå hagen, og syltetøy med «bangladesh-krydder.»
FINNØY: Heime på Berge har Gunvor Nessa ein stor drueåker nederst på tomta. Druene heng tunge og mørkeblå i fint oppbunde ranker. Snart skal dei bearbeidast, tappast på flasker og nytast. Vinen er som namnet langt på veg antyder; eit eksklusivt alkoholfritt alternativ.
Fuglane tok druene
I år stakk fuglane av med det meste av avlinga, men ho hadde likevel nok igjen til å laga av, slik at både Utsyn og Normisjonen skal få vin, syltetøy og chutney til utlodding på basarane. Det meste av det ho lagar gir ho likevel bort til vener, familie og gode formål.
Men ho har eit mål om å prøva seg litt kommersielt.
– Det var irriterande at fuglane tok mest heile druehausten min. Eg hadde ikkje netting over, og tenkte at det ville gå bra. Det blei ei dyrekjøpt erfaring. Det gjorde at eg ikkje fekk laga så mange flasker som planlagt, men eg håpar på større vin-produksjon neste år.
I tillegg til vinen lagar ho syltetøy av ulike frukt og bær, og dessutan chutney og søt-sure plommer tilsett ein god miks «bangladeshkrydder.»
Eksotisk syltetøy
– «Bangladeshkrydder»?
– For over 20 år sidan var eg på besøk hjå søstera mi som budde i Bangladesh. Der fekk eg smaken på lokalt krydder, og det har forandra matlaginga mi ganske radikalt. Det er lenge sidan det blei servert tradisjoll norsk husmannskost her i heimen. No tykkjer eg faktisk det kan bli nokså kjedeleg. Eg fekk ei smaksoppvakning smiler ho og held fram:
– Bangladeshkrydder er langt på veg smaken me kjenner frå det asiatiske kjøkkenet. Oftast er det chilli, koriander, kanel, stjerneanis, cummun, kardemomme, ingefær og nellikspiker. Med andre ord ein miks av det meste. Etter kvart fann eg ut at desse kryddera passar godt saman med syrleg frukt, og at det til og med gir syltetøyet eit ekstra løft.
Tradisjonelle metodar
Det var først i fjor at Gunvor tok fruktproduksjonen sin eit hakk vidare.
– Det er mykje forskjellig frukt og bær på garden, men me har aldri brydd oss særleg om det. Folk har i årevis kome og henta det som me ikkje klarte eta opp.
I fjor bestemte eg meg for å laga ein «godtepose» og gi til basaren på Utsyn, men så blei det så mykje at det vart nok til julemessa på Emmaus også, til
gardsbutikken på Nærland og til reko-ringen i Stavanger og Sandnes, ler Gunvor, og held fram: – «Heile» kjellaren er full av sylteøy og chutney.
Gunvor har god kjennskap og lang erfaring med sylting og foredling av frukt. Ho jobbar på gamlemåten og brukar ikkje saftkokar. Safting og sylting har vore ein tradisjon heime heilt sidan ho var lita.
– Mor «la ned» plommer kvart år. I store glas med lake av sukker og eddik som me åt til middagen, og oppskrifta var alltid den same. Nå som me har tilgang på mykje meir spennande krydder likar eg å prøva meg fram til nye smakar.
Leverer til Mortavika
Dottera Olaug og svigersonen Roar Haug har nyleg opna butikk og bakeri i
kaihuset i Mortavika, der ein av fleire spesialitetar er surdeigsbrød.
– Nybaka surdeigsbrød og heimelaga syltetøy er ein god kombo. Eg tenkjer det er ein god plass å ha produkta mine for sal. Det hadde jo vore kjekt å kunna driva hobbyen litt meir aktivt, i alle fall nok til at eg klarer dekka utgiftene til glasa. Det må jo vera eit godt mål å strekka seg etter, seier ho.
Det er med andre ord ikkje profitten som er drivkrafta til Gunvor.
– På ingen måte, det går ikkje an å leva av den kjøkkenbaserte produksjonen eg legg opp til, men det er heller ikkje intensjonen. Motivasjonen min er å minimalisera matsvinn og nytta dei gode råvarene.
Dessutan veit eg at det er mange som sett pris på små, spiselege gåver, og det vil eg uansett fortsetja med, avsluttar Gunvor Nessa.