FINNØY: Vinteren er tida då pipebrannane skjer. Denne vinteren blir spesiell fordi straumen er så dyr, og mange kjem til å fyra med ved for å spara på straumrekninga.

– Det er ikkje tvil om at fleire kjem til å fyra med ved i vinter. Difor er me førebudd på fleire pipebrannar, og har hatt øvingar med tanke på det. Vanlegvis er det rundt to pipebrannar i Finnøy i året, men denne sesongener det grunn til å tru at talet kan auka.

Atle Johan Landa, leiar i brannkorpset på Finnøy. Foto: Arkiv

- Det er mange som ikkje har fyrt med ved på lenge, og pipene har stått ubrukte i årevis, dei børe ver litt ekstra på vakt. Er du i tvil om pipa burde hatt ein sjekk, går det an å ta kontakt med Rogaland Brann og Redning, seier Atle Johan Landa, leiar i brannkorpset på Finnøy.

Allereie i desember i fjor, med straumprisar på veg opp, blei det over heile landet registrert langt fleire pipebrannar enn i desember tidelgare år, viser tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

– Kva kan me gjera for å unngå pipebrann?

– Det viktigaste er å fyra med tørr ved og ha god trekk. Dårleg tørka ved utgjer ein spesiell fare for pipebrann, seier Landa.

Dette kan vera teikn på pipebrann:

  • Høg knitring eller buldring frå pipa .

  • Flammar eller gnist fra pipa.

  • Mykje tett og tjukk røyk frå pipa.

  • Veldig varm pipe eller sterk varmelukt frå pipa.