Henrik (KrF) blir varaordførar – Tor Bernhard (Frp) vil ha eit anna leiarverv
Henrik Halleland frå Finnøy blir ny varaordførar i Stavanger.
– Me er einige om ein samarbeidsavtale dei neste fire åra. Me gler oss veldig til å kome i gang, seier Sissel Knutsen Hegdal til Stavanger Aftenblad.
Torsdag klokka 11 heldt Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre og Pensjonistpartiet ein pressekonferanse inne i byen. Her blei det gjort kjent at Sissel Knutsen Hegdal (H) blir ny ordførar i Stavanger medan Henrik Halleland (KrF) blir varaordførar.
Frp, som er det nest største partiet i det nye borgarlege fleirtalet, får leiaren i utval for byutvikling, melder Stavanger Aftenblad.
Tor Bernhard Harestad frå Rennesøy var den i Frp som fekk nest flest personstemmer i valet, etter toppkandidat Leif Arne Moi Nilsen. Han ønskjer seg ei leiande rolle etter lang fartstid i politikken.
– Eg vil ha ein leiande posisjon i eit utval der eg får noko å seie, seier Harestad.
At Henrik Halleland blir varaordførar støttar han fullt ut.
– Eg har enormt god kjemi med Henrik, og eg har tru på han. Sjølv har eg ingen ambisjonar om å bli heiltidspolitikar. Eg er pensjonist, seier Harestad.
Harestad burde ha gode sjansar for i alle fall å bli leiar i Rennesøy kommunedelsutvalg og få plass i formannskapet, trur Øyposten.
Om kva som kjem av konkret politikk dei neste fire åra seier Harestad dette:
– Eigedomsskatten skal vekk i løpet av perioden, og eg forventar at me tar eit godt jafs allereie neste år. Ordninga med gratis kollektivtransport forsvinn, men det skal ikkje bli dyrt å reise kollektivt. Elles skal me bli ein ja-kommune og me skal få fart på arbeidet med gang- og sykkelvegar i øyane, seier Harestad.
Prøveordninga med gratis kollektivtransport blir avslutta seinast innan utgangen av året, melder Stavanger Aftenblad.