FINNØY: -Heilt topp, kjempefint, var tilbakemeldingane på konserten i pausen, kor desserten etter middagen blei servert.

Dei to musikarane, Sveinung Tou frå Sandnes og Gunnar Helgesen frå Sokn, har begge erfaring frå Finnøy før. Mellom anna frå bandet «Cherrox», som spelte på gamle Tippen, ungdomshuset på Finnøy.

-Det er veldig kjekt å vera tilbake på Finnøy. God stemning og kjekke folk, seier to begeistra musikarar til Øyposten.

Sveinung Tou (t.h.) og Gunnar Helgesen deler kjekke minner med publikum i pausen, før desserten, på konserten i Innbyggartorget. Rundt bordet sit Ingfrid Vestbø, Aslaug Falkeid, Bertha Sevheim, Solfrid Langbak, Gerd Sanvik og Berit Rørheim. Foto: Rune Nedrebø

Vil ha dans for «god vaksne» på Finnøy

Det var Ragnhild Valand og Frivilligsentralen som arrangerte «hyggestunda» på Innbyggartorget, den tredje i rekka. Det var ganske fullt, kanskje fordi Øyposten hadde kringkasta at musikarar frå Tippen sine glansdsagar skulle koma på besøk.

I tillegg til middag og dessert, serverte Tou og Helgesen både nyare og gamle svisker frå Smokie, Creedence, Everly Brothers, Beatles, Svein Tang Wa og Vamp. For å nemna nokre. I tillegg har dei ein, men bare ein, svensktopp på lager.

Og då dei drog til med «Jag trodde englarna fanns, bara, bara i himmelen», var allsangen sikra.

Rundt bordet i eine hjørnet på Innbyggartorget var stemninga på topp under konserten, men mykje mimring og «lått og løye».

-Tenk om så flinke musikrarar hadde spelt opp til dans for oss som er litt oppe i åra, det ville både vore kjekt og veldig god trim. Men det tilbudet finst dessverre ikkje på Finnøy, seier Ingfrid Vestbø.

Også Aslaug Falkeid kunne godt tenkt seg at det var dans for eldre på Finnøy.

Var gravid, men måtte sjå

-Før, på Finnøydagane, var det ein dansekveld for dei yngre og ein for dei vaksne, det saknar eg, seier ho.

Gjengen rundt bordet har mange kjekke minner frå tida då dei gjekk på dans. Dei to musikarane spelte mellom anna saman med resten av gjengen i «Cherrox» på gamle Tippen nyttårsaftan 1973–1974.

Det gamle ungdomshuset på Finnøy, Tippen i Kvamesvingane, står fortsatt. Foto: Rune Nedrebø

Kjekk tid

-Då var eg gravid, seier ei av damene rundt bordet.

-Det var eg og, men eg klarte like vel ikkje å halda meg borte. Eg måtte opp og sjå, seier Berit Rørheim.

Konklusjonen frå dame-gjengen er at «dei svunne dagar» var ei kjekk tid med dans på Tippen, på Østhusvik, på Aubøsund og mange andre stader.

-Dessutan var det fiskefestival med dans som gjekk på rundgang mellom øyane. Det var ei alle tiders tid, meiner dei.