Har skrella ned Ladstein Bygg for å hindre konkurs

Stopp i utviklinga av bustader i Finnøy ga blodraude tal for Ladstein Bygg.

Asgeir Ladstein (t.v.) og Stephan Dickinson går kvar til sitt.
Publisert: Publisert:

– Me er tilbake til der far vår starta. Me må starte med blanke ark, seier Asgeir Ladstein.

I vår har Ladstein Bygg AS vore gjennom ei hard omvelting for å hindre konkurs. Stephan Dickinson har trekt seg ut, og verdiar er skrella vekk. Asgeir og broren Kleng sit tilbake som einaste eigarar av selskapet som faren Sigmund starta for 75 år sidan.

Dei einaste verdiane som er att i Ladstein Bygg, selskapet som har stått bak så mange private og offentlege bygg i Finnøy, er to byggeklare tomter på Nådå pluss to usikre aksjepostar.

Blei brått tyngre

– For nokre år sidan gjekk oljeprisen ned, og eigedomsprisane i området vårt sank med 25 prosent. Då blei det plutseleg veldig mykje vanskelegare å selje nye bustader, fortel Asgeir Ladstein.

I 2016 fekk Ladstein Bygg ein auka portefølje av tomter då Stephan Dickinson kjøpte seg inn i selskapet. Ulike grunnar i tida som følgde gjorde at fleire byggeprosjekt bremsa opp. Krav om ein dyr gang- og sykkelveg stoppa til dømes utviklinga av eit byggefelt i Holmastø på Fogn. Kraftig auka byggekostnader og stigande rente har ikkje gjort situasjonen lettare.

– Eg kjenner på at me har forvalta arven etter far på ein dårleg måte, seier Asgeir Ladstein:

– Samtidig har eg fått eit håp om at me skal unngå konkurs, og at me kan vidareføre firmaet. Ein ting me har lært, er at det er dyrt å utvikle tomter på Finnøy.

Ubetalte rekningar

Ladstein Bygg jobbar nå med å få til ein såkalla utanomrettslig rekonstruksjon. Det betyr at dei må få til ein akkord med fleire leverandørar, som i reine ordelag vil sei at leverandørane blir spurd om å slakke av på uteståande krav.

– Me beklagar på det sterkaste situasjonen, seier Ladstein.

Dei ubetalte rekningane er likevel langt mindre enn banklåna som la ein skugge over selskapet tidlegare i år. Ein del av låna tok Stephan Dickinson ansvaret for då han gjekk ut av selskapet. Han har samtidig fått med seg nokre verdiar.

– Eg har overteke tomter på Faa brygge på Judaberg, Holmastø på Fogn og Skipavågen på Kyrkjøy. Her må eg prestere, seier Dickinson:

– Då eg gjekk ut av Ladstein Bygg tok eg eit tap på 5,5 millionar kroner.

Stephan Dickinson eig no 100 prosent av byggevareselskapet XL-Bygg Finnøy i Steinnesvågen.

Dickinson har òg kjøpt ut Asgeir Ladstein av byggevareselskapet XL-Bygg Finnøy AS. Dei eigde tidlegare 50 prosent kvar. Dickionson har og overtatt eigedomen til XL-Bygg i Steinnesvågen.

Håp om ny start

Brørne Asgeir og Kleng Ladstein har tilsvarande tap som Dickinson, til saman 11 millionar kroner på dei to pluss tapte private innlån.

– Det er eigarane som tek dei store tapa her, seier Dickinson:

– Eg såg i fjor korleis veg det bar, og me måtte gjere noko for å unngå konkurs. Mange i byggebransjen slit. Eg trur me vil få sjå fleire konkursar i bransjen framover.

Asgeir Ladstein fyller snart 63 år, og han kan begynne å tenke på pensjonsalder. Han kan òg tenke på alt Ladstein Bygg har fått til på Finnøy opp gjennom åra.

– Nå er me tilbake til start. Eg ser ikkje bort frå at det kan bli nye prosjekt, men då utan å eige så mykje tomter, seier Ladstein.

Publisert: