Presenterte Nye Meieriet – har måtta kutte kostnader
Under Rennesøydagen laurdag kunne folk få eit oppdatert innblikk i korleis det nye samlingspunktet for Rennesøy kommunedel er tenkt.
– Målet er å få eit budsjettvedtak før jul, rive til våren og starte bygging til hausten neste år, seier prosjektleiar Lill Ann Nørgaard i Stavanger kommune.
Laurdag synte ho fram teikningar for Nye Meieriet i det gamle Meieriet i Vikevåg. Dette var ein av mange utstillingar under Rennesøydagen.
Seksjon for byggeprosjekt i Stavanger kommune har laga eit prisestimat for Nye Meieriet som dei den 5. september skal levere til dei som jobbar med handlings- og økonomiplanen i kommunen. Seksjonsleiar Bjørn Kåre Ellingsen vil orientere om status for prosjektet i Rennesøy kommunedelsutvalg førstkomande tysdag.
– Me har hatt ei sinnssjuk prisutvikling i byggesektoren, så i alle prosjekt har me måtta sjå på korleis redusere kostnadene, seier Ellingsen til Øyposten.
For Nye Meieriet er det blant anna kutta ut ein takterrasse, får Øyposten oppgitt. Kva estimert pris for prosjektet blir, vil ikkje Ellingsen sei før kommunedirektøren legg fram innstilling til ny handlings- og økonomiplan nærare jul. Så er det i desember opp til politikarane å bestemme kva dei går for.
Nye Meieriet er tenkt å bli det nye samlingspunktet for Rennesøy kommunedel med innbyggartorg, kafé, kulturscene og nytt bibliotek i første etasje. Berekna byggetid er halvtanna år, slik at samlingspunktet kan stå ferdig våren 2026, viss alt går i orden.
Inntil vidare blir det rigga til eit prosjektkontor for innbyggarmedverking i den gamle banken, i austre del av Meieriet. Laurdag kunne folk svare på spørsmålet «Hva legger du i ordet medvirkning?». Dei skriftlege svara blei hengt opp på veggen i det gamle bankkvelvet.