Fleirbrukshallen blei feira med fanfare, talar og middag

Fleirbrukshallen feira seg sjølv med middag, fanfare og gjøgling frå scena.

Aslak Bråtveit, Hilde Turid Hebnes og Målfrid Eggebø sørga for fanfare under åpninga av festen.
Publisert:

FINNØY: Fleirbrukshallen feirar 20 år, og laurdag var det duka for stor fest i hallen.

Rundt 130 var påmelde til middagen om kvelden, som åpna med skikkeleg fanfare.

Leiar for styret i hallen, drog gjennom historia til fleirbrukhallen, som han omtala som folkets hall.

Folk kosa seg med god mat. Her serverer Henriette Austbø Else May Sevheim (t.v.), Olav Reilstad. Kirsten Elin Begrsvik og Tora Bergsvik.

Opptakten til hallen var ikkje bare enkel, ifølge Flesjå. Nokre meinte det ville bli eit pengesluk, mens andre omtala hallen som «galskap», ifølge Arild Flesjå.

Men hallen blei bygd, og åpna i 2003. Og i dag er Fleirbrukshallen gjeldfri, og hadde i fjor eit solid overskot på 700.000 kroner.

-Det beste året me har hatt nokon gong, sa Arild Flesjå.

Hallen kosta vel 20 millionar kroner, og Finnøy kommune strekte seg så langt at dei sponsa hallen med 4,5 millionar kroner. Men arbeidet med hallen stoppa opp då Rup-midlane uteblei, regionale utviklingsmidlar. Det var snakk om eit par millionar kroner.

SR Bank på Finnøy ville ikkje låna pengane, men enden på visa blei at Hjelmeland Sparebank blei kontakta.

-Kva er problemet, pengane kjem inn på konto i morgon, var beskjeden derifrå, og arbeidet med hallen blei fullført.

Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid får instruksjon i tøy og bøy av Dagny Astad og Margunn Bokn (bak).

I dag er det eit vell av aktivitetar i hallen. Både kommune-, fylkestings- og stortingsval brukar hallen, pluss husflidslag, idrettslag, innsamlingsaksjonar, pensjonistlag, styrkerom og ikkje minst skulen.

-Dette har me klart utan ei krone i kommunale tilskot, me ville ikkje krypa og be om kommunale tilskot, sa Flesjå mellom anna. Kommuinale tilskot fekk dei like vel då Finnøy gjekk saman med Stavanger. 75.000 kroner i tilskot, men på den andre sida auka dei kommunale avgiftene frå 7500 i Finnøy kommune til 42.000 i Stavanger kommune.

-Kva med framtida, spurde Flesjå til slutt. Skal kommunen overta hallen.

-Nei, det er det ikkje stemning for. Lokal styring er viktig for den suksessen hallen har vore, slo Flesjå fast.

Publisert: