Crosstraining- den nye treningstrenden

I anledning Fleibrukshallen sitt 20-årsjubileum tidlegare i vår introduserte instruktør Dagny Astad den hottaste treningstrenden akkurat no. Crosstraining, eller CrossFit, om du vil.

Marie Therese Reilstad og Even Isachsen konsentrer seg om oppgåva.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:
Denne øvelsen riv godt i låra.

Så langt har det vist seg å vera ein suksess.

Stor interesse

– Eg måtte finna ut om det var interesse for denne typen trening. Målet var at det nye treningstilbodet formelt skulle introduserast i forbindelse med jubileet, men det klarte me ikkje heilt. Det er i alle fall kjekt å sjå at denne treningsforma har blitt teke så godt imot, fortel Dagny.

Finnøybuen trykte den nye treningsforma til brystet allereie etter fyrste time. Sidan «prøvestarten» i januar har talet på deltakarar auka for kvar gong.

– På det meste er det 30 stykk på treningane, men vanlegvis ligg talet rundt 20. Det er svært bra, etter så kort tid.

Hauskjeneset-teamet styrker tricepsen.

Crosstrainigen er ein blanding av ulike treningsformer, fyrst og fremst kondisjonstrening, styrketrening og utholdenheit. Treningsforma er stasjonsbasert, fem stasjonar med to øvingar på kvar stasjon. Når du er ferdig med øvingane får du ein kort kvilepause før du går vidare til neste stasjon. Dette skal deltakarane gjera tre gonger.

Passar alle

– Det er knallhardt og knallkjekt, smiler Nina Willumsen Grieg så godt ho kan mellom to intensive økter.

Ein kort oppvarming før det bryt laus.

– Sjølv om dette er ei ganske tøff treningsform med høg intensitet, kan den tilpassast alle nivå. Det er like effektivt og like kjekt, anten du er i kjempegod form, eller nybegynnar, kvinne eller mann. Intensiteten regulerer du sjølv med å velja tyngde på vektene, talet på repetisjonar og kor hardt du vel å ta i.

To grupper på kvar satsjon.

Even Isachsen, er einastre hane i høneflokken. Han sat på møte i velforeininga då han blei «kuppa» av nabodama.

– Eg hadde slett ingen planar om å gå trening, men blei snakka inn i det. Dermed gjekk eg direkte frå møtet på trening, ler Even.

– Men det blei ei god oppleving?

– Ja, det blei det. Skikkeleg tungt, eg tok meg godt ut. Du skal ikkje sjå vekk ifrå at eg kjem til å gjera det igjen, men eg veit ikkje om eg klarer å gå fast kvar måndag, men treningsforma er bra, fortel Even.

Vil ha fleire menn

Heilt sidan byrjnga på 2000-talet har Dagny drive aerobic på Finnøy. Etter kvart har ho utvida med forskjellige typar trening.

Eeven Isachsen hamna «ufrivillig « på trening. - Det er fyrtste, men ikkje siste gong eg er på crosstraining, seier han-

– Det var på tide med noko nytt nå. Då eg starta opp for rundt 20 år sidan var det ingen treningstilbod for damer på Finnøy. No er det opptil fleire alternativ. Framleis skulle eg ønske det var fleire menn som hadde fått auga opp for trening. I alle fall crosstraining som er så kult. Eg er sikker dei aller fleste ville lika det, seier Dagny Astad.