Det tidlegare sambuarparet møttest i tingretten sist veke. Foto: Sigbjørn Høidalen

Saka har vore gjenstand for behandling både i forliksrådet og tingretten, med ulike påstandar frå begge partar.

Paret hadde eit av-og-på-forhold i 15 år, og samlivet var prega av turbulens, står det å lese i dommen frå Stavanger tingrett.

Forholdet tok slutt sommaren 2022, etter påstandar om fysisk og psykisk mishandling frå den eine parten. Dette blir no etterforska av politiet.

Ein av dei involverte partane kravde oppgjer på totalt 65.620 kroner i mars 2023 og dette blei ikkje svara på. Etter å ha tapt saka i forliksrådet, bringa vedkomande saka inn for Sør-Rogaland tingrett for å få pengane utbetalt, men det var då lagt inn fleire krav, slik at beløpet var auka til 165.000 kroner.

Sal av bil og båt

Usemja gjekk ut på blant anna oppgjer for ein bil som var seld dei i mellom, og pengar frå sal av ein båt. Det er også usemje om utgifter på reiser som dei to har vore på saman. Saksøkar meiner at den saksøkte lova å betale sin andel av utlegga, men at dette var ikkje gjort.

Dei fleste krava er uansett forelda, påpeiker tingretten. Ifølgje foreldingsloven må ein rette eit krav innan 3 år. Fleire av punkta i denne saka var ti år gamle.

Tingretten legg vekt på at saksøkar ikkje i tilstrekkeleg grad har sannsynleggjort at det har vore klare avtalar om tilbakebetaling av pengar. I tillegg peiker dei på at fleire av krava er lagt til etter behandling av saka i forliksrådet, og at dette illustrerer at saksøkar har lite oversikt over krava som stillast.

Må betale

Retten legg også vekt på at dei ikkje kan ta omsyn til påstandar om mishandling når det gjeld pengekrava.

Dei skriv også i dommen at det i eit sambuarskap ofte vil vere slik at den eine parten tener meir pengar enn den andre. Krav på tilbakebetaling for laupande utgifter under samlivet, må baserast på særskilt avtale, og det er ingen slik avtale i dette tilfellet.

Saksøkte blei frikjent på alle punkt, og saksøkar må betale sakskostnader på rundt 34.000 kroner.