Politikarar blei grilla av skuleelevar
Sjuande klasse ved Finnøy skule inviterte ei gruppe politikarar til spørjetime måndag ettermiddag.
Måndag møtte Nils Petter Flesjå frå Høgre, Henrik Halleland frå Kristeleg Folkeparti, Johanne Foldøy frå Sosialistisk Venstreparti og Birger Hetland frå Senterpartiet til debatt i konferanserommet på Finnøy skule.
Elevane stilte politikarane til veggs og ville vite kva nettopp dei ville gjere for at Finnøy skal vere ein god stad å vokse opp.
Leksefri skule
– Korleis ser de på dette med leksefri skule? ville ei gruppe vite.
– Lekser er noko skit, synest Birger Hetland frå Senterpartiet, til trampeklapp og jubelrop frå elevgruppa. Men han måtte skuffe dei.
– I Stavangerskulen, kunne han informere om, er det slik at kvar skule vel sjølv om dei vil ha lekser eller ikkje, og på Finnøy skule har skulen i samråd med foreldra valt å ha lekser.
– Eg synest at elevar skal ha fri i fritida si, sånn som dei vaksne har, seier Johanne Foldøy.
Korkje Høgre eller Kristeleg Folkeparti sa eit eintydig ja eller nei til lekser, men dei meiner begge at lekser må tilpassast elev som skal gjere dei.
Opptatt av miljø
Ungdommane ville også vite kva politikarane meinte om å innføre firedagars skuleveke og om dei ville starte opp att med skule på Talgje. Nei til begge deler, frå alle partia. Så kom spørsmålet om sykkelveg til Leikvoll.
– Eg vil ha sykkelveg rundt heile Finnøy, svarte Nils Petter Flesjå.
Alle partia var einige om at det er for lite tilrettelagt for sykling på Finnøy, og at dette er noko dei vil jobba med vidare.
– Det som er vanskeleg, påpeikte Hetland, er at det er mange andre i fylket vårt som også vil ha sykkelveg.
Miljøsakene var også oppe til debatt.
– Kva gjer de for miljøet? spurte elevane?
Politikaren frå Senterpartiet viste til vedtak om gratis kollektivtrafikk og sykkelsatsing i kommunen, og Sosialistisk Venstreparti fortalde at ho ønskjer seg grønsakshagar på skulane og meir miljøvenleg dekke på kunstgrasbanane.
– Er de bekymra for miljøet? spurte Henrik Halleland elevane då turen var kome til han.
– Ja! svara elevane.
Engasjementet til elevane spring kanskje ut frå denne bekymringa, for fleire av spørsmåla handla om vindmøller og straummaster, og dei var tydelege på at nokon måtte ta ansvar for dyr og natur.
– Eg vil ta vare på kulturlandskapet, sa Halleland.
– Nei til høge straummaster!
Spurde om badeland
Dei ville også vite korleis partia stilte seg i spørsmålet om badeland på Finnøy.
Henrik Halleland lanserte ideen, så ikkje overraskande svara han at dette er noko han ønskjer. Johanne Foldøy kan godta eit badeland viss det er gratis å kome inn og viss det er tilgjengeleg for alle. Nils Petter Flesjå synest at det må vere lov å vere litt galen i lokalpolitikken, og han seier at dette var eit ambisiøst forslag.
– Badeland er bra, seier han.
– Og det er viktig at det ligg ein stad der ein lett kan reise til, til dømes ved eit kollektivtrafikk-knutepunkt.
– Eg var heilt i mot til å begynne med, fortel Hetland.
– Men så snakka eg med Henrik Halleland og han har fortald meg ein del om kva han tenkjer, og då vaks ideen på meg. Det hadde kanskje ikkje vore så dumt med eit lite badeland.
Engasjerte elevar
Då debatten var over, fekk Øyposten tid til ein prat med Vilja Irene Guttormsen Steinsvik og Mie Ulstein Sevheim.
– Det var kjekt å få vite litt om kva dei som styrer og bur her meiner om forskjellige saker, seier Vilja.
– Eg synest det var veldig interessant å høyre på dei, fortel Mie.
Dei to jentene har notert flittig gjennom heile debatten, og kanskje har dei gjort opp ei meining om kva dei ville stemt til valet om dei var stemmeberettiga.
Det siste, men kanskje viktigaste spørsmålet, kom frå ei jente som lurte på korleis det var å vere politikar. Øyposten spissa øyra då dette spørsmålet kom, for det kan vere interessant å vite kva ambisjonane bak det politiske livet er. Er det pengar? Er det makt?
Ingen av delane, spør me denne gjengen.
– Det er kjekt å vere politikar, fortel Flesjå.
– Eg likar å vere med å påverke korleis samfunnet utviklar seg.
Halleland synest at det er interessant å drive med politikk.
Foldøy trur at det er bra med samarbeid mellom dei ulike partia.
Å gjere ein forskjell
Hetland liker tanken på å gjere ein forskjell for enkeltmenneska.
– Eg var ein ramp då eg gjekk på skulen, fortalde han:
– Det var ingenting som var kjekkare enn å drive hekkan med læraren. Eg hadde aldri trudd at eg kom til å bli politikar, og det trur eg heller ikkje at nokon andre eg kjenner hadde trudd. Men her sit eg. Eg brenn for dette og synest det er knallkjekt å få lov til engasjere meg i sakene som påverkar korleis me har det i kvardagane våre.
Så seier han, henvendt til elevane:
– Alle dykk kan også bli politikarar!
Johanne Foldøy fortalde Øyposten etter debatten at ho også opplevde det som ein kjekk debatt.
– Eg synest at dei stilte mange gode og interessante spørsmål, og eg er glad for å sjå at me har så mange engasjerte ungdommar på Finnøy, seier ho.