Vibeke Landa skaut årets første finnøyhjort
Ein hjortekalv blei skoten av 20-åringen på heia på Roda.
Vibeke Landa deltek i jakta for tredje gang i år, men ho har vore med pappa Atle på jakt når ho var mindre.
Hjortejakta starta 1. september, og allereie første kvelden skaut ho hjortekalven. Dette var den første hjorten som blei skoten på Finnøy i år, og den første hjorten som er blitt skoten av ei dame etter at det blei starta jakt på øya.
Eit overordna mål for jakta er å stoppe bestandsveksten for hjort. Difor er det ein fordel å skyte ungdyr. Vegard Ankarstrand, naturforvaltar i Stavanger kommune, har tidlegare informert Øyposten om at det er fri kvote for jakt på hjortekalvar.
All jakt på hjort krev eit vald som er godkjent av kommunen. Det er åtte hjortevald i kommunen etter at det i år blei opna for hjortejakt òg på Halsnøy.
For store bestandar av hjort eller rådyr kan føre til trafikkpåkøyrslar, beiteskadar på landbruk og lite mat for dyra. Bestanden av hjortevilt blir derfor regulert gjennom ordinær jakt, skriv Stavanger kommune på nettsida si.