På facebooksida skriv Rennesøy bibliotek:

Me opplever stadig at det kjem unge skrivespirer til biblioteket som ønsker å få utløp for sine kreative tankar.

I det høve inviterer me, i samarbeid med unge, til skrivesamling for 5.–7. trinn i biblioteket førstkomande laurdag frå kl. 11.00 til 13.00.

Korleis vegen blir til er me ikkje heilt sikre på, men det blir fokus på skriving, samtaler og gode pausar, der dei unge kreative sjelene får utfalde seg.

Øyposten vonar at ungdommen pakkar penn og skriveblokk, pc eller anna foretrukne reiskap for skriving om kjem til biblioteket på Rennesøy på laurdag.