Henrik Halleland til høgre er folkevalt for Kristeleg Folkeparti i Stavanger. Anne Kristin Bruns er folkevalt for KrF Rogaland, og har dermed ingenting med denne saka å gjere, sett bort ifrå at ho og er frå KrF og sikkert støtter initiativet frå Halleland. Foto: Silje Talgø Klakegg

– Dette er ein viktig sak for Kristeleg Folkeparti nasjonalt, seier Halleland.

– Me har hatt som mål å innføre dette nasjonalt. Det er problematisk når foreldre ikkje har råd til å sende barna sine på fritidsaktivitetar.

Med fritidskortet vil alle barn mellom 6 og 18 år i kommunen få ein sum som dei kan nytte til dømes til kontingent på ulike fritidsaktivitetar.

– Dette gjennomslaget har eit viktig sosialt mål ved at fleire kan inkluderast i fritidsaktivitetar utan å tenkje på om mor eller far har råd til det. Dei kan nyttast på kultur eller idrett, eller ein heilt annan aktivitet viss ein ønskjer det.

Detaljane er framleis ikkje på plass, men dette vil Halleland informere om når han har dette klart etter at budsjettet leggast fram i haust.