Rennesøybuar mista ferga til Fogn – lettare kaos av bilar i helgeutfarten
Litt før klokka 14 på Kristi himmelfartsdag var fergekaien på Judaberg fylt til randen av bilar.
– Det var så lang kø at me ikkje kom inn på kaiområdet med bilen, fortel Bjørn Lauvsnes.
Han og to damer kjem springande over plassen i det bommen senkar seg og ei ferge dreg frå land. Klokka er litt over 14.00 torsdag.
– Me skal til dagsturhytta på Fogn, sier Bjørn.
Han, kona Torborg og nabo Anne Marie Synes Helland kjem frå Rennesøy, men dei er godt kjende på Finnøy. Bjørn kjem opprinneleg frå Lauvsnes.
– Neste ferge til Fogn går klokka 16, seier Anne Marie etter å ha sjekka med mobilen.
– Då må me ha litt mat, seier Torborg.
Rusta for dagstur tåler dei to timars venting, fortel dei. Så lyt det heller vere litt mindre niste att når dei kjem til Ørnareiret, dagsturhytta på Fogn.
I 14-tida på Kristi himmelfartsdag var det uvanlig fullt av bilar på kaien. Først kom ferga til Fogn for å ta med seg helgeturistar tett fulgt av ferga til Ombo.
Ein i køen fortel at det ikkje er like lett å halde orden på kva for ferge som går hit eller dit.
– Folk har venta til etter 17. mai med å ta langhelg. Det er stor utfart i dag, seier fergemannen på ferga til Fogn før båten legg frå land.