FINNØY: Lnett hadde eigentleg planlagt to «åpne kontordagar» på Finnøy, men nå ser det ut til at det held med bare ein. For interessa for å møta Lnett og diskutera dei nye kraftlinjene var minimal.

-Eg trur folk har sagt kva dei meiner på folkemøtet, seier Bjarte Skipevåg, grunneigarkontakt i Lnett til Øyposten.

-Me er ikkje skuffa fordi om folk ikkje vil møta oss. Det viktige er at me er tilgjengelege. Viss folk har noko på hjarta er det bare å ta kontakt, legg prosjektleiar Torbjøn Grødem til.

Blant dei som ville snakka med Lnett var Øyvind Amdal. Han hadde ikkje anledning sist Lnett var her, og nå benytta han høve.

Har lite spreieareal

Han driv med gris, og får den planlagte luftlinja over to parsellar som han eig.

-Det er ikkje ynskjeleg, for eg har i utgangspunktet for lite spreiareal, seier Amdal.

Han tykkjer Lnett tek for lite hensyn til bøndene viss dei går for luftstrekk.

-Eg sa til Lnett at ære vera at de tek hensyn til joggarar og gåarar i Teigen, og speidarane også, men dei kunne tatt meir hensyn til bøndene, meiner han.

Etter eit raskt overslag reknar han med at ni dekar verdifullt spreiareal vil liggja under linjene, viss det blir luftspenn.

Vil kverulera så lenge som mulig

-Men det går nok meir, for det er igjen ein liten snipp som blir vanskeleg å koma til. Men ifylgje Lnett er det ikkje forbode å spreia gjødsel under linjene, så lenge me ikkje brukar gjødselkanon.

Men slik eg oppfatta det er det er opp til landbrukskontoret å bestemma kva reglar som gjeld, seier Amdal, som legg til at viss det ikkje var andre alternativ enn luftspenn, skulle han vore positiv til prosjektet.

-Me treng straum, men det er eit godt alternativ å leggja det i gang- og sykkelvegen. Her har politikarane i Finnøy forsømt seg når dei ikkje har planlagt fleire sykkel- og gangstiar for lenge sidan, meiner Amdal.

-Kva kjem du til å gjera framover?

-Eg kjem nok til å kverulera så lenge som mulig, slår Amdal fast.