Adventsåpning: -Ingen plass betre enn Finnøy

Julie Bråtveit Bahn måtte heim til mor og far på Finnøy for å få den rette adventstemninga: -Ingen plass er som Finnøy, meiner ho.

Skikkeleg adventsstemning på Judaberg søndag.
Publisert: Publisert:
Julie Bråtveit Bahn måtte heim til mormor og morfar på Finnøy for å få den skikkelege adventstemninga. Rundt bordet sit frå venstre Lina Bahn, Julie, mormor Signy, Johan, Konrad og Signe Bråtveit.

FINNØY: Fleire hundre trossa vêrmeldinga for å vera med på adventsåpninga og tenninga av julegrana på Judaberg søndag.

Faktisk var vêret ikkje så aller verst, heilt til nissen trilla inn på Judaberg-kaien i ein knallraud Massey Ferguson 135 med tilhengar. Då ausa det ned.

I år hadde kommunens folk sett opp ei flott julegran utfor innbyggartorget, som pynta ekstra opp i tillegg til dei raude hjertene i bjørketrea ved Bethel.

Vilde Sand blir dekorert med ansiktsmaling i Innbyggartorget av Joanna Mowinska.

Krydra kakao

Nydeleg koppestell frå bedehuset Bethel.

I Innbyggartorget serverte Bygdakokken juletallerken, og det var salsboder og ansiktsmaling for ungar. «Julehuset» til Finnøy Blomster var åpent, og det same var Kaihuset. På loftet der var det fullt av barn som var ivrig opptekne med å laga flotte juleteikningar.

Pub’en «Dickins» heldt også åpent. I bedehuset Bethel serverte dei pølser, varm kakao av kortreist melk frå Lauvsnes, krydra med stjerneranis, kanel og kardemomme. Eplegløgg frå Helgøy krydra på same vis og kaffi servert i det sjarmerande serviset frå 50-talet med «Bethel» skrive på koppane.

Nissen kom til Judaberg-kaien for å dela ut gaver.

Hadde teikning med til nissen

Øydis Antun pynta opp i bedehuset Bethel med denne flotte julekrybba frå Mali.

Framme ved talastolen hadde Øydis Antun plassert ei nydeleg og forseggjort julekrybbe som ho i si tid kjøpte då ho jobba for misjonen i Mali.

Blant dei som hadde funne vegen til den lune varmen i Bethel var Julie Bråtveit Bahn. Ho bur på Våland, men tok turen til Finnøy for å oppleva adventstemninga.

Dottera hennar, Lina, hadde til og med sløyfa symjetimen for å vera med til Finnøy, og hadde med teikning som ho ga til nissen på kaien.

Det blei nissen kjempeglad for, skjønar me henne rett.

Mamma Julie synes Finnøy er heilt topp.

-Det er ingen plass som Finnøy, eg måtte bare koma for å vera med på tenninga av julegrana, seier ho med eit smil.

Sofie Randa (t.v.), Linda T. Larsen, , Theodor R. Larsen og Ann-Karin T. Larsen var med på tenninga av julegrana på Judaberg.