FINNØY: Det var etter at Øyposten tok kontakt med avisa Strandbuen, som la ut saka om robåten der, at eigaren melde seg.

Finnaren, Ole Jan Naaden, fekk ikkje nokon respons etter at saka blei omtalt i Øyposten, og lurte difor på om den kunne ha kome rekande frå strandalandet.

Og heilt rett, det var derifrå han kom. Det gjekk ikkje mange minuttane etter at avisa Strandbuen hadde publisert saka, før eigaren melde seg. Det viste seg at robåten var heimehøyrande på Idse, og hadde slite seg i stormen og havna på Finnøy.

-Han ringde meg opp og lurte på om han måtte ta turen til Finnøy for å henta båten. Men eg roa han ned og sa at båten kan bli til eit fint blomsterbed hos meg, seier Ole Jan Naaden, som legg til at i fylgje eigaren så skulle robåten uansett kasserast.