Nytt tilbud: Fersk sjømat på kaien på Judaberg
Frå i dag av, og annankvar fredag framover kjem «Krepsen» til Judaberg med fersk sjømat.
- Oddbjørg Måland
FINNØY: Hallgeir Rodvelt, Ombo Kreps og Fisk, har lagt Judaberg inn i køyreplanen sin. På jomfruturen i dag var båten hans lasta med kreps, hummar, krabbeklør og forskjellige sortar fisk. Alt då båten hans klappa til kai utanfor coopen, var kundane klare.
– Det er etterspurnaden som har fått meg til Judaberg, det tykkjer eg er kjekt. Planen er at eg skal vera her annankvar fredag så sant eg har noko å selja, smiler Rodveldt.
– Eg vil ha ein god steikefisk, så det blir sei på meg. Men eg likar og godt saltsprengt lange, smiler Gunvor Flesjå.
Medan Øyposten er på plass er det mange kundar som vil handla. Dei fleste kjøper kreps og krabbeklør, men også heil, rund fisk. Ingen spør etter hummaren til 600 koner per kilo.
– Er det mykje fisk å få?
– Ja, eg tykkjer fisket har tatt seg opp. Nå og utover er det sesong for krabbe -og krepsfiske, og di lenger utover hausten det går, di meir trur eg det blir å få, seier Rodveldt, som også har fast utsalsplass på Jorenholmen i Stavanger og på ferjekaien i Hjelmeland. Og nå altså også på Judaberg.
For å vita klokkeslett fiskebåten «Krepsen» er på Judaberg kan du sjekka facebooksida til Ombo Kreps og Fisk. Der vil du også sjå kva slags fisk og sjømat han har for salg.