Fuktig snøfall søndag kveld kombinert med kuldegrader måndag morgon har gitt glatte vegar i øyane.

Øyposten har ikkje fange opp at det har vore trafikkulykker, men opplevde sjølv ei nestenulykke i Kindingstad-krysset måndag morgon då ein bil ned Kindingstadvegen streva med å stoppe.

Elles ser der det ut til å vere greitt brøyta og strødd mange stader.

Frå Sjernarøyane får me måndag formiddag melding om at det er spesielt glatt.

Overvann på isane i helga kombinert med snø som har fryse på, har vel òg brått øydelagt dei fine skøyteforholda som har vore?

Dei neste dagane skal det kome meir snø, opp mot ti centimeter tysdag. Så då er det kan hende tid for å finne fram skia?

Værmelding for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no