Uroa for mangel på sjukepleiarar
Talet på folk som vil bli sjukepleiarar har gått kraftig ned. Finnøy sjukeheim merkar problema med å få tak i fagfolk.
Samordna opptak meldte i vår om markert nedgang i talet på søkjarar til sjukepleiarstudia. Tala er nær halvert sidan toppåret 2018.
Virksomheitsleiar Gaute Tengesdal ved Finnøy helse- og omsorgssenter stadfestar at det til tider er utfordrande å få tak i tilsette med riktige kvalifikasjonar.
– I fjor hadde me ikkje ein einaste søkar til sjukepleiarstilling. Per i dag har me god dekning, men allereie i haust risikerer me å ha for få helsefagarbeidarar. Det mest utfordrande er å få folk i helgestillingar, seier Tengesdal.
Ugreie arbeidstider
– Eg kjenner fleire som kunne vore sjukepleiarar, men som har valt eit anna yrke, seier sjukepleiar Tone-Martha Hovda Aukland utanfor sjukeheimen på Judaberg:
– Grunnen er vel stort ansvar og turnusarbeid sett i høve til løna.
Øypposten får ein prat med ho og sjukepleiarkollega Mons Markmanrud Norheim. Tone-Martha pendlar til arbeid frå Fogn og Mons frå Sjernarøy.
– Eg meiner løna er rimeleg grei, men det skuldast tillegg for at me jobbar mykje kveldar og i helger, seier Mons.
Dei to er elles einige om at sjukepleiaryrket ikkje er kjedeleg.
– Me har ein variert kvardag. Me har ikkje mykje dødtid, seier Tone-Martha.
Brenner for eldreomsorg
Berit Hopland står på Høgre si liste til kommunestyrevalet. Ho vil ha fokus på dei eldre sine levekår viss ho blir valt inn.
– Det er ingenting å seie på servicen til dei tilsette ved Finnøy sjukeheim. Dei gjer ein fantastisk jobb med å skape gode kvardagar for mor. Dei gamle fortener ein god og verdig alderdom, og det får dei på Finnøy, meiner Hopland.
Mor hennar nærmar seg 100 år med stormskritt, og ho lever eit godt liv i bufellesskapet på Finnøy.
– Her får ho selskap. Når ho ikkje er for mykje åleine, et ho meir og klarer å halde helsa lengst mogleg.
Valfridom livet ut
Hopland er opptatt av at eldre menneske framleis har like stor verdi når dei blir mindre sjølvstendige. Ho meiner alle må få tilbod om sjukeheimsplass når det er naudsynt.
– Dei eldre har stått på og arbeidd eit heilt liv. Eg vil at dei skal få oppleve å bli behandla med respekt også når dei ikkje lenger klarer seg sjølv. Valfridomen skal ein ha livet ut, seier Hopland.
På Finnøy får dei det til, meiner ho.
– Dei som arbeider med mor er flinke. Det som bekymrar meg, er om dei får tid til å gjere alle oppgåvene dei skal, dersom det blir vanskeleg å få tak i nok sjukepleiarar.
Alternativ organisering
I distrikta er det særleg vanskeleg å få tak i kvalifiserte folk. Hopland lurer på om grunnen kan vere løna eller arbeidstidene.
– Kan det vere ein idé å prøve langvakter? Kanskje det hadde vore mogleg å gjere det meir attraktivt å arbeide i helse og omsorg viss me tenkte litt nytt rundt organiseringa.
Ho peiker på viktigheita av at dei eldre har faste pleiarar som tar seg av dei, så dei ikkje treffer forskjellige menneske kvar gang.
– Dette er vesentleg for at dei eldre skal føle seg trygge, seier ho:
– Det er mykje snakk om at dei eldre skal bu heime lengst mogleg, men nokre vil bli einsame om dei framleis blir buande åleine når dei ikkje lenger kjem seg ut på eiga hand.
Skape fellesområde
– Det er viktig at eldre kan ha ein stad å treffast, til dømes eit fellesområde midt mellom bustadene. Her kan det vere ein kiosk, kanskje frisør og fysioterapeut, og viss dei i tillegg gir tilbod om felles middag kvar dag, vil det motivere dei eldre til å gå ut og treffe andre, seier Hopland.
Hopland er elles glad for at Stavanger kommune har innført husassistentar.
– Dette ønskja eg meg før det blei innført i kommunen, seier ho:
– Ved å frigjere sjukepleiarar og helsefagarbeidarar si tid til å gjere jobben sin, vil det bli mindre slitasje på dei som er til stades på jobb.
Ho vonar at slike ting kan vere med på å halde fleire sjukepleiarar i yrket.