– Det er heilt utruleg kjekt at så mange har lyst å vera med på feiringa, i partyteltet i februar. Me sa tidleg at me kanskje kunne rekna med rundt 80 personar og no er det allereie 50 fleire påmelde. Eg trur talet bli endå høgare, at me vil enda på rundt 150, smiler Daniel Nedrebø Gjertsen.

Gjestene er fastbuande, hyttefolk, båtturistar og frå mange frå dei andre øyane.

Proff hjelp

Helgøysund Marina er 100 år i år, og det skal feirast i fleire omgangar. Den fyrste markeringa er no på laurdag. Utover året blir det meir formelle markeringar.

– Med eit så stort arrangement som dette no ligg an til å bli, har me fått hjelp av proffe aktørar. PS Selskapsutleie på Randaberg er hyra inn for å ta hand om telt-fasilitetane på ein god måte.

Nedrebø Gjertsen forsikrar om at vifteomnane er klare, men at det likevel er lurt å kle seg godt.