6. januar: Nytt fjøs på Bjergøy i Sjernarøyane. Torgeir Aartun kunne gå inn i det nye året med ein heilt annan arbeidskvardag i nyfjøset. Foto: Rune Nedrebø6. januar: Finnøy Betong og dagleg leiar Lars Jøran Flesjå sikra seg ein av dei største enkeltkontraktane bedrifta nokon gong har hatt. Betongfabrikken skal levera element til ei ny storhavn i Ålesund. Foto: Rune Nedrebø13. januar: Etter 45 år bak rattet i godsruta hadde Tor Eike frå Halsnøy sin siste ordinære tur før nyttår. Nå skal han konsentrera seg om å hjelpa barnebarnet med å bli ein suksessrik leppefiskar. Foto: Rune Nedrebø20. januar: Dørene i bedehuset Bethel blei åpna for den første gudstenesta etter at Hesby-kyrkja blei stengd for oppussing. Mange ville høyra presten, Terje Engstrøm, tala i det historiske bedehuset på Judaberg. Foto: Rune Nedrebø27. januar: Ein arbeidsgjeng frå Finnøy i gang med å rydda skogen i Eltarvåg på Rennesøy. Velforeninga er storvegs fornøyd med at dei snart kan få havutsikten tilbake. Odd Bergøy (nærast) og Magne Eggebø frå Finnøy i gang med arbeidet.27. januar: Tysdag 25. januar, nøyaktig klokka 14.30, klappa den nye ferja MF «Ombo» til kai i Stavanger, etter å ha kryssa Nordsjøen i godt vêr frå Peterhead i Skottland. -Me har vore svinheldige, seier skipper Helge Lunden, for akkurat då var det ein liten pause i uvêret i Norsjøen.3. februar: Januar gjekk ut med storm over øyane. Tre og gjerder fekk seg ein trøkk. Men også større ting tok skade av stormen, som dette naustet på Austre Åmøy som blei knust til pinneved. Foto: Privat10. februar: Stare kan vera ei stor plage i moderne fjøs. Firmaet Westflow kom til fjoset til Roar Roda på Finnøy for å testa laser mot fuglane. Kommunen vurderer også å prøva det mot gjess. Foto: Rune Nedrebø17. februar: Vel eitt år har gått sidan den fatale bussturen snudde livet til Silje og Ingvar Landa på hovudet. Heldigvis er det slik at ingenting er så ille at det ikkje er godt for noko. For etter alt mediekøyret med Koronabussen har situasjonen snudd, og folk står i kø for å reisa på tur med Silje og Ingvar. Foto: Oddbjørg M. Måland17. februar: Magne Landa Eggebø var blant dei første som møtte fram då Lnett hadde open dag om dei nye kraftlinjene over Finnøy. Her saman med prosjektleiar Torbjørn Grødem (t.v.) i Lnett Foto: Rune Nedrebø24. februar: Bygdakokken Joakim Moberg Wiborg overtek kafedrifta på Innbyggartorget, og Øyposten sin utsende gir menyen topp score. Foto: Oddbjørg M. Måland3. mars: Den danske slepebåten "Hunter" gjer klar til å slepa bort det eine av dei to supplyskipa ved Bru kai, nemleg "Sea Safety". Den andre båten blei liggjande inntil vidare, men seinare blei også den slept bort. Foto: Rune Nedrebø10. mars: Fjåge folk på lofotfiske. Elin Schanche fekk vera med Tor Bernhard Harestad ut på fisketur. Det blei eit minne for livet. Foto: Privat17. mars: Koronaen har gitt rekordetterspørsel etter hundar. For litt sidan kom første kullet i Kennel Rygr Polar på Ombo. Åtte små nøster som blei selde i løpet av eit par veker. Stolt eigar, Line Flesjaa, med ei stolt hundemamma. Foto: Rune Nedrebø31. mars: Denne veka var ein merkedag for Senterpartiet. Varaordførar Dagny Sunnanå Hausken blir fungerande ordførar i Stavanger, mens Kari Nessa Nordtun har mammapermisjon. Foto: Stavanger kommune7. april: Ferja «Ombo» fekk ein flau start på karrieren i Finnøysambandet. Ved anløp til Fogn brasa ferja inn i eit naust og knuste det. Heldigvis kom ingen til skade. Og som ikkje det var nok, mista ferja rett etterpå ankeret. Foto: Privat7. april: Reisande som kjem landevegen til Finnøy blir nå ynskt velkommen av eit nytt spesialdesigna skilt i vegkanten. Arne Bergøy, leiar i Tomatfestivalen avdukar skiltet mens Silje Vignes Flesjå står for fanfaren. Foto: Rune Nedrebø13. april: Etter to års pause var det igjen klart for påskevandring på Nordre Vignes på Finnøy søndag. 800 hadde funne vegen til arrangementet, som gjekk av stabelen for 15. gong. Foto: Rune Nedrebø21. april: Ida Sevheim utfor butikken i Stavanger, den einaste spesialbutikken for økolgiske daglegvarer i byen. Det går over all forventning, seier Ida Sevheim. Foto: Rune Nedrebø28. april: Håkon Eide stilte grytidleg i foajeen i Atlantic Hall for å kapra politikarane på veg inn til fylkestinget, med ei bøn om at dei lyttar til pendlarane når hurtigbåtrutene skal bankast. Her overleverer han skrivet til varaordførar i fylket, Arne Bergsvåg og fylkesordførar Marianne Chesak. Foto: Rune Nedrebø5. mai: Høgt og fritt over fjorden på Ombo, med utsikt til heile den kvitkledde tannrekkja som utgjer fjellheimen i Ryfylke, ligg eit ganske unikt tatoo-studio, som Glen Flesjaa driv. Foto: Rune NedrebøEtter nesten 80 år er det omsider kome på plass eit minnesmerke over omkomne frå krigen. Dag Lund kom eins ærend frå Oslo for å vera med på avdukinga. Bestefar hans, Eilert Lund, omkom på sjøen under krigen. Foto: Rune Nedrebø19. mai: Familien Imsland hadde rigga seg til med oppdekka bord med kandelaber i køretøykortesjen på Finnøy 17. mai. Det gjorde susen, frokostinnslaget stakk av med vandrepokalen i årets kortesje, kor 60-70 bilar, traktorar, atv’ar og motorsyklar deltok.25. mai: Butikken på Halsnøy kunne feira 110 år i fjor. Anita Ørnes og svigermor Wenche Ørnes har styrt butikken i lag i 25 år. Foto: Oddbjørg M. Måland2. juni: Finnøy har fått sin første faste pub. «Dickins» er navnet, og eigaren er ingen ringare enn Stephan Dickinson. Foto: Rune Nedrebø16. juni: Stolte prisvinnarar av kommunens vernepris. Frå venstre Anne Turid og Andreas Sørbø og Andres og Ranveig Sørbø. Dei fekk prisen for restaureringa av sildesalteriet på Bru. Foto: Rune Nedrebø16. juni: I løpet av ei lita veke blei det samla inn 1060 underskrifter mot planane om nye kraftlinjer i lufta over Finnøy. Aksjonistane Erik Astad (t.v.) og Arild Flesjå er strålande fornøyd med responsen. Foto: Rune Nedrebø23. juni: 73 år gamle Peder Meling fekk æra av å ta avsparket i naboppgjeret mellom Mastra og Finnøy, høgdepunktet under markeringa av Mastras 75 års-jubileum laurdag. Det blei ein fotballfest for Mastra, som vann 4–1. Foto: Rune NedrebøBertel Gard frå Talgje trudde knapt sine eigne auger då Arild Flesjå kom trillande inn på tunet med den nyrestaurerte og skinande blanke Tempo-motorsykkelen hans frå 1938. Foto: Rune Nedrebø28. juli: Første yogatime i bedehuset «Betania» på Bjergøy ble en slager. Nå kan yogainstruktøren opplyse om at dette blir tradisjon. Foto: Jone Bergøy Nedrebø4. august: Motorsykkelgruppa Thorsmen MC fra Sandnes har vært på besøk i øyane, og latt seg begeistre av den flotte naturen. I helgen var de på Sjernarøy, og helgen før på Finnøy. Foto: Rune Nedrebø11. august: Oskar Runestad på Fogn har hogd og seld ved i 50 år, men har aldri opplevd maken til etterspørsel som nå. Skyhøge straumprisar er forklaringa, meiner han. Foto: Rune Nedrebø18. august: Det kokte i Helgøysund Marina denne helga. Ein heil konvoi med fartvindunder var innom på rundtur i Ryfylke. Det var arrangementet Poker Run som la turen innom Sjernarøyane. Foto: Rune Nedrebø25. august: Årets Tomatfestival blei ein folkefest med besøksrekord. Reidar Hadland og Kristin Harestad svingar seg i dansen då Ingve «Goggen» Gottschalksen spela opp på pub’en Dickins under Tomatfestivalen. Foto: Rune Nedrebø1. september: Christine Kvindesland ved Ørnhaug Aktivitets og besøkssenter viser fram ein ekte Pytonslange på Rennesøydagen. Det var perfekte forhold og 2000 besøkande på arrangementet. Foto: Oddbjørg M. Måland15. september: Hos Peder Bergøy og kona Marianne Landa Bergøy på Hauskje på Finnøy er storfamilien i gang med innhausting av årets potetavling. – Det er ein koseleg jobb me gler oss til kvart år, og som er like kjekk kvart år, seier søstera Brita Aartun. Foto: Oddbjørg M. Måland22. september: Lyngbø kvinneforening på Finnøy rundar 162 år i år, og Aud Vignes (t.v.), Sønøve Meihack, Gerd Judith Kolstø, Marit Vignes og Laura Johannesen er i god gang med planlegginga av haustens basar på bedehuset Emmaus. Foto: Rune Nedrebø29. september: -Dette er vel verd ei kake, seier Daniel Nedrebø om at det nå er blitt gratis i Finnøysambandet. Øybuar jubla for at ferja blei gratis frå 28. september. Foto: Rune Nedrebø6. oktober: På Finnøy prøver Gunvor Nessa seg med «kristeleg vin» laga av druer frå eigen hage. Foto: Oddbjørg M. Måland20. oktober: Butikkeigar Karin Ågesen (t.h.) i Jokerbutikken i Eidssund er både rørt og svært takksam for kronerullinga som blei sett i gong for å støtta den einaste butikken på øya. -Klart me må bidra, seier Anne Berit Finnestad, saman med Kristian Finnestad, Liesebeth Hoiting og barnebanet Isabell Finnestad. Foto: Rune Nedrebø27. oktober: Nytt tilbud på Judaberg: Fersk kreps på kaien. Gunvor Flesjå og Hallgeir Rodveldt har funne tonen. Foto: Oddbjørg M. Måland3. november: Ei flott hjorte-hind blei nyleg skadeskoten på Ombo, og kjempa truleg ein lang dødskamp før ho blei funnen død på grensa mellom Kalheim og Kyle på øya. Stian Philip Andersen frå Statens Naturoppsyn var på Ombo for å undersøkja hjorten. Foto: Rune Nedrebø17. november: God stemning då biskopen vitja dagsturhytta på Fogn. På benken frå venstre sit Jon Olav Runestad, Reidun Østhus, Leif Kolnes og Reidun Aabrekk Bråtveit. Foto: Rune Nedrebø24. november: Styrleiar i Tomatfestivalen, Arne Bergøy (t.v.), gratulerer Even Isachsen frå eventbyrået Mango i Stavanger med oppdraget med å arrangera neste års Tomatfestival. Bak Isachen står Tore Dahl, også frå Mango, pluss Silje Vignes Flesjå og Tor Øyvind Skeiseid. Foto: Rune Nedrebø1. desember: Berit Helen Gard fekk tilslaget på juleselane til Aslak Bråtveit under årets julemesse i Fleirbrukshallen. Messa fekk inn heile 285.000, som er ny rekord. Foto: Rune Nedrebø8. desember: Stavanger kyrkjelege fellesråd vedtok å oppretta ein ny 100 prosent diakonstilling i Hesby, Talgje og Sjernarøy sokn. Ingvild Angelsgård Moen fekk jobben. Foto: Oddbjørg M. Måland15. desember: Svein og Mona Langeland tok det store skrittet for fem år sidan og flytta frå «urbane» Strand kommune til Halsnøy. I dag stortrivst dei på øya, og nå har også sonen og familien flytta etter. Foto: Rune Nedrebø22. desember: Jone Vadla (80) på Sjernarøy har reist med kristorn på torget i rundt 40 år. Men nå tynnest det i rekkjene, og denne jula var det bare to i same bransjen på torget i Stavanger. Foto: Rune Nedrebø31. desember: Det var svingande rytmer og fargesprakande fyrverkeri då Finnøy gjekk inn i 2023. Kommunen spanderte flott fyrverkeri skote opp frå ein lekter 100 meter utfor kaien. Foto: Rune Nedrebø