Øyane vil ha kabel: -Håpar det ikkje bare er spel for galleriet
Øyane vil ha linjefri natur. Det var den klare meldinga frå folkemøtet som NVE arrangerte på Finnøy tysdag.
FINNØY: NVE ynskte innspel, også om alternative trasear for luftspenn. Men det fekk dei ikkje. Alle som hadde ordet frå salen gjekk for at den nye kraftforbindelsen måtte gravast ned.
Leiar i grendelaget på Finnøy, Erling Landa oppfordra NVE og Lnett til å leggja seg meiningane på folkemøtet tungt på minnet: -Dette møtet må ikkje bare bli eit spel for galleriet, sa han mellom anna.
Det var møtt fram eit par hundre til folkemøtet i Fleirbrukshallen på Finnøy om den nye 132 kilovolts kraftlinja over øyane. Det var møtt fram folk frå mange av øyane både i Finnøy og Rennesøy.
Engasjementet var stort, og heile 17 hadde teikna seg til innlegg om saka. Alle som ein gjekk dei for at kraftforbindelsen måtte gravast ned på land. Til og med påtroppande diakon i Finnøy, Invild Angelskår Moen og dottera Ingrid hadde ordet til ein sterk appell om å skåna naturen på øya.
Har kontakta advokat
Leiar i Finnøy Bondelag, Erik Haraldseid Bleie, kunne opplysa at bondelaget på øya med støtte frå nabobondelaga hadde kontakta advokat.
-Me kjem til ikkje frivillig til å gi frå oss jord til bygging av luftlinjer, slo Bleie fast.
Tidlegare kommunelege Eivind Vestbø hadde ordet og peika på at Folkehelselova må få konsekvensar for Lnett sine planar, mens Kjell Helle-Olsen, tidlegare leiar i Stavanger Turistforening meinte Lnett sine planar i Rennesøy var «totalt på kollisjonskurs» med dei verdifulle landskapa på øya, nedfelt i nasjonale planar.
-Forslaget til kraftlinjer over Austbøheia vil skjera gjennom den siste rest av kystlynghei, sa Helle Olsen, og peika på at det blir frårådd høge installasjonar i området.
Landskapet i øyane under radaren
-Landskapet på ryfylkeøyane er heilt unikt i landsmålestokk. Det har gått under radaren her til lands, noko som er tragisk når me veit kva kvalitetar det er snakk om, meinte Helle-Olsen.
Aksjonsgruppa på Finnøy, som har samla inn 1200 underskrifter mot kraftlinjene, fekk skryt frå fleire i salen.
Erik Astad frå aksjonsgruppa peika på at det hadde vore vanskeleg å få konkrete tal på kva det ville kosta å grava ned den nye kraftforbindeseln over Finnøy. Men aksjonsgruppa hadde omsider fått tal frå konsulentselskapet Sweco, som ifølge aksjonistane viste at prisskilnaden ikkje ville bli veldig stor på kabel og luftlinje.
-Luftspenn vil kosta 19–21,5 millionar kroner, mens kabel vil kosta 19–26 millionar kroner, påpeika han, og la til at kostnadane med luftspenn ville ha ein tilleggskostnad for både for landbruk og friluftsliv.
Må kjenna si «besøkelsestid»
-Så kvifor gå for luftspenn, når kabel blir det billegaste, meinte han, og fekk til svar frå seniorrådgiver Tanja Midtsian at viss det var slik, vill det sjølvsagt bli kabel. Men prisen var noko som Lnett måtte utgreia først.
Jon Olav Runestad håpa at NVE og Lnett kjende si «bersøkelsestid». Sjølv om eit luftspenn ikkje ville bety at alt går til «helvete», som han uttrykte det, ville det forandra landskapet på øyane mykje.
-Viss det blir bygd luftspenn, er eg sikker på at folk om 30 år vil seia: Kvifor i all verda gjorde me det, sa Runestad, som påpeika at det ikkje var særinteresser men hensynet til almennheten som skapte det sterke engasjementet på øayne.
-Eg håpar dette møtet har gjort inntrykk, avslutta han.