Samrøystes vedtak om å avvikla dobbeltrom på sjukeheimen
Utvalet for helse- og velferd gjekk tysdag samrøystes inn for å avvikla dobbeltrom ved sjukeheimen på Rennesøy.
STAVANGER: Høyres Kari Raustein snakka varmt for å avvikla dobbeltromma på helse- og omsorgssenteret på Rennesøy.
-Det er heilt rett å gjera dette, sjølv om det kan føra til lenger ventelister. Dette handlar om verdighet, og det er ein uting å plassera to framande personar inn på eit og same rom, meinte Raustein.
Rennesøy helse- og omsorgssenter har i alt 27 sjukeheimsplassar og 12 omsorgsbustrader i bofellesskap for eldre. Sju av sjukeheimsplassane er korttidsplassar.
For å oppretthalda talet på korttidsplassar i Rennesøy, blir leiligheter i sjukeheimen brukt som dobbeltrom, der to brukarar deler ein leilighet.
Stavanger kommune har motteke fleire klager på ordninga med dobbeltrom i den seinare tid. Både pasientar og pårørande klagar på uro, at bebuarane deler felles bad og mangel på privatliv. Dessutan er det svært begrensa plass til besøk.