Torsdag klokka 06.17 blei brannvesenet varsla om ein brann vest på Finnøy. Eit bustadhus stod i full fyr, skulle det vise seg.

Øyposten har prata med sonen til ekteparet som var i huset då brannen starta.

– Dei blei vekka av brannalarmen og kom seg ut og opp til ein nabo, seier sonen:

– Dei fekk ikkje med seg mobiltelefonar eller nokon ting.

Foreldra blei køyrd til sjukehuset i Stavanger med røykskadar.

– Dei har vore på sjukehuset i heile natt. Far er oppegåande, medan mor har vore i narkose på grunn av røykskadar, seier sonen til Øyposten fredag morgon.

Huset på Landa brann ned til grunnen.