Innbyggartorga inviterer til temakafé om kreft
Brystkreftforeininga og Prostatakreftforeininga vil besøke Innbyggartorget på Rennesøy 21. november.
Egil Stangeland vil fortelje om PROFO (Prostatakreftforeiningen) sitt arbeid. Kva er prostatakreft og om viktigheita av tidleg oppdaging. Egil vil og fortelje om korleis han sjølv har opplevd det å få prostatakreft.
Ein av hans måtar å handtere det å bli råka av prostatakreft har vore å skrive. Nokre av desse dikta og tankane vil han dele på dette møtet.
Kristin Hegdahl fortel om Brystkreftforeninga sitt arbeid, tidleg diagnostisering og behandling.
Møtet er opent for alle, og det blir lett servering, melder Tina Nådland, koordinator for Innbyggjartorget på Rennesøy.
Arrangementet er eit samarbeid mellom innbyggartorga og frivilligsentralane i Rennesøy og Finnøy kommunedelar.