Sissel Marie Bjerga og gjengen på Utsyn oppmodar alle som kan til å ta eit av onsdagens måltid på Utsyn. |Sissel Marie Bjerga og gjengen på Utsyn oppmodar alle som kan til å ta eit av onsdagens måltid på Utsyn.

FINNØY:

Alle inntektene denne dagen går uavkorta til hjelpearbeid i Ukraina gjennom den humanitære stiftelsen KPK Ukraina.,

- Me veit jo at alle ynskjer å hjelpa, og det kan gjerast på mange måtar. For vår del bestemte med å «gi» onsdag 9. mars til Ukraina. Det betyr at alle inntektene denne dagen går til Ukraina. Fordi alle jobbar dugnad denne dagen, kan me senda alle inntekter vidare. Me håper at så mange som mogleg vil ha eit av måltida sine på Utsyn denne dagen. Me kan lova ein god og variert buffet på alle måltida denne dagen, fortel Sissel Marie Bjerga som fortel at Skavland gartneri på Talgje har sponsa tomatene.

Frukosten blir servert mellom klokka 07-09, lunsjbuffet mellom klokka 11og 13 og middagsbuffet frå klokka 15 til 17.

,-

Er det mange som har meldt seg på?

- Det byrja nærmar seg fullt på middagen, men det er ennå god plass på frukosten og til lunsj.

Minstepris per person per måltid er 300 kroner (barn under 12 år er 150 kroner) men det er fullt mogleg å betala meir.

- For at me skal få ein ide om kor mykje mat me skal laga, ber me om at folk melder seg på innan tysdag kveld. Me håper dette vil vera ein fin måte å støtta opp om Ukraina på.

Du kan melda deg på ved å ringa Utsyntelefonen på 95 22 63 55.