Denne blide gjengen vil alle koma for seint på jobben med dei nye hurtigbåtrutene. Frå venstre Linda Vestersjø, Eline Wolden Bersagel. Torhild Eide og Silche Ulrich.|Tonje Hausken Vestersjø synes det blir i knappast laget å nå jobben på sentralskulen med det nye ruteopplegget.

PENDLARAR:  Dei fire kvinenne rundt bordet på hurtigbåten frå Ombo, begynner alle på jobb klokka 0800 om morgonen. Men, dersom det nye ruteforslaget blir ståande, kjem dei til å koma for seint på jobb.

For der er ankomsten til Judaberg endra til eit kvarter seinare enn i dag, til klokka 08.10.

-Me har hatt denne saka i grendalaget på Ombo, og gitt vår uttale. Men den ert ikkje blitt tatt hensyn til i det heile, seier Eline Wolden Bersagel oppgitt, og får nikkande samtykke rundt bordet.

Ho skjønar heller ikkje kvifor små distriktssamfunn som øyane i Finnøy som ikkje har fastlandsforbindelse, skal få eit dårlegare tilbod, mens kollektivtilbudet på fastlandet stadig blir forbetra og utbygd.

Tonje Hausken Vestersjø synes det blir i knappast laget å nå jobben på sentralskulen med det nye ruteopplegget. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Det ruteopplegget som er tenkt er veldig dårleg for oss pendlarar, det gjer at me alle kjem litt for seint på jobb, seier Wolden Bersagel.

Også Tonje Hausken Vestersjø, som jobbar på sentralskulen på Finnøy, er lite begeistra for det nye forslaget.

-Eg begynner på jobb kvart over åtte, og då er det litt knapp tid å koma til Judaberg 10 over åtte. Det er bare så vidt eg rekk jobben. Dette er ikkje gunstig i det heile tatt, meiner ho, og meiner politikarane burde sett seg betre inn i situsjonen før dei gjorde vedtaket sitt.