Rødne er i ferd med å avslutta ein brukbar fyrstesesong på kvalsafari i Tromsø. Foto: Vegard Stien

SJERNARØY:

Sidan sesongstart i byringa av november, har dei reist med turistar, flest utlendingar, på kvalsafari i havet utanfor Tromsø og området rundt Skjervøy i Kvænangen.,

Å sjå når spekkhoggar og knølkval jaktar på silda, kan bli god business for Rødne.

- Det er ingen tvil om at dette er eit populært tiltak. Hadde det ikkje vore for pandemien ville me nok hatt endå fleire turistar, men situasjonen gjer at asiatarane som vanlegvis utgjer størsteparten av gjestene, har vore så godt som fråverande i år. Det tek uansett meir enn èin sesong å bygga opp ein markand. I tillegg har ein del avgangar blitt innstilete på grunn av dårleg vêr. Men me er positive med tanke på neste sesong, og har ingen planar om å gi oss, fortel dagleg leiar i Rødne, Lars Andre Rødne.

Kvalgaranti

Frå november og fram til tidleg i februar er silda ein aller annan stad på kysten av Nord-Norge. Fram til 2017 har det vore Tysfjord, men dei siste åra har silda vore mest utanfor Tromsø, nærmare bestemt Kvænangen, og då lokkar den kvalen med seg.

Sjølv om det er fyrste året Rødne står som arrangør av kvalsafari, er dei likevel ikkje ukjente med konseptet. Frå 2004 til 2005 var dei innleigd av eit lokalt firma for å driva kvalsafari ut frå Evenes.

- Fleire gonger i veka kom det passasjerar med charterfly frå London som var med på dagsturar for å sjå kvalane. Dei starta grytidleg om morgonen heimanefrå og var tilbake igjen seint om kvelden, fortel Rødne.

Rygerdronningen går med fast mannskap om bord, skipper, styrmann, motorpassar og lettmatros. Mannskapet er på Nord Norge- tur14 dagar om gongen og har eigen leilegheit i sentrum av Tromsø.

- Det er vel rift om å få vera med på desse turane?

- Det fungerer slik at me køyrer med originalmannskapet på Rygerdronningen, verken meir eller mindre. Men, ja, klart, det er populært, dei likar seg godt dei som reiser.

- Hender det nokon gong at turistane ikkje får sjå kval?

- Ingen kan heilt sikkert garantera det. Skulle det likevel skje at ikkje turistane får sjå knølhval eller spekkhoggarar på turen, tilbyr me ny tur gratis. Dei vil garantert oppleva mange ville, arktiske fuglar.

Turane til Rødne går alle dagar unntatt måndag og tysdag med avgang sentralt i Tromsø sentrum.