-Vel fortent, Helgøysund

Båtfolket roser Helgøysund Marina for god service og hyggeleg personale, og synes kåringa som «årets gjestehavn» er vel fortent.

-Helgøysund er mitt reisemål nummer ein, seier Ingve Sirevåg, som har tatt helga i marina’en saman med Mette Breivik.
  • Rune Nedrebø
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: -Marina’en fortener absolutt gå til topps i kåringa «Årets båthavn», slår Asbjørn Johansen og Frode Løype frå Haugesund fast.

Når dei set kursen mot Ryfylke, endar dei ofte i marinaen i Helgøysund.

-Det er ein veldig kjekk plass å koma til. Dei som jobbar her er skikkeleg på tilbudssida, dei er både gjestfrie og blide. I tillegg held dei det i orden, og det er både reint og fint her, slår dei fast.

Familien Kolnes har tatt ein pause ved butikken i Helgøysund. - Eg har aldri gløymt kor idyllisk det er på Sjernarøy, seier Marit Vigdel Kolnes (t.h.) Rundt bordet sit Christina Kolnes (t.v.), Maria Fryd Vigdel Kolnes, Olivia Grace Kolnes, Oddvar Kolnes, Kristian Vigdel Kolnes, Steinar Vigdel Kolnes, Farah Razavi, Joseph Kolnes og Marit Vigdel Kolnes.

Også Ingve Sirevåg og Mette Breivik, som har tatt turen med båten frå Hinnavågen til Helgøysund, synes topplasseringa er vel fortent.

-Marinaen i Helgøysund er nummer ein for meg, seier Ingve Sirevåg, som har vore gjest der i mange år. Han var blant dei mange som stemde på Helgøysund i Båtmagasinet si kåring.

-Eg kjenner Daniel og Oddfrid, det er skikkeleg gilde folk. Dessutan er dette ei lun havn som ligg ideelt til for vêr og vind, og butikken er reine snopebua for meg, ei god gammaldags krambu, seier Sirevåg.

Begge er også begeistra for sandstranda og vanntrampolinen.

-Det gjer at også dotter vår på 12 synes det er kjekt å koma hit, seier Stavanger-paret.

-Vel fortjent, seier Asbjørn Johansen og Frode Løype om topplasseringa for Helgøysund Marina. Dei er komne i land med garn og teiner, men fekk mest krabbe og lite fisk.

Inne i butikken er det stadig gratulasjonar å høyra for topplasseringa, som er den andre førsteplassen marina’en har oppnådd.

Oddfrid Nygår Nedrebø og mannen Dag Gjertsen synes det er stor stas med plasseringa, og har stadig prosjekter på gang. Nå skal uteplassen på brygga fornyast, med bord og benker og grill, kor båtfolket kan hygga seg mens barna kosar seg på badestranda og trampolinen.

I juli har dei også tilsett kokk i kaféen, Hilde Pedersen McNeil, og planlegg å servera heimelaga mat og molules frites, blåskjell med pommes frites veka gjennom.


Jushyna Kowalska og Oddfrid Nygård Nedrebø (t.h.) er stolt over kåringa.

Marinaen har også kanoutleige, og i sommar prøver dei seg i tillegg med utleige av syklar i samarbeid med Kirkens Bymisjon.

-Sykkelutleige har slått bra til, og er noko som ikkje bare er for båtfolket. Viss til dømes finnøyfolk eller tilreisande frå andre stader kjem med ferja eller hurtigbåten og vil leiga sykkel, så er det bare å ringja. Så skal me levera syklane på ferjekaien på Helgøy, reklamerer paret i Helgøysund.

  1. Ryfylke