Her blir eplehausten berga med hjelp frå NAV

Golf gartneri på Ombo fekk arbeidshjelp til årets frukthaust gjennom NAV. Ein alle tiders jobb, synes dei ledige. 

Magnus Rostad tek mot ein ny kasse med nyplukka epler frå Sander L. Haga (t.v.)|Her gjeld det om å vera nøye, og forsiktig. Sander L. Haga og Morten Hærem Wesnes i gang med eplehaustinga.||-Verdas beste eple, synes Morten Hærem Wesnes.||Pause i jobbinga i eplehagenm. Frå venstre Magnus Rostad, Sander L. Haga og Morten Hærem Wesnes, alle tre frå Stavanger, saman med vertskapen Roald og Marianne Voll.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

OMBO:

Korona og stengde grenser skapte store utfordringar også for Golf gartneri på Ombo.,

Gartneriet har 2,7 dekar veksthus med rødmande tomater som må plukkast og tomatplanter som må stellast. I tillegg er det 5500 plomme-, eple- og pæretre som må hentast.

Og i år har dessutan vêret gjort at «all» frukta modnast på ein gong. Difor er det meir enn nok å hengja fingrane i for tida for ekteparet Roald og Marianne Kåsen Voll på Ombo.

Heldigvis hadde NAV hjelp og tilby, og frå tjukkaste Stavanger kom Magnus Rostad, Sander L. Haga og Morten Hærem Wesnes.

 Pause i jobbinga i eplehagenm. Frå venstre Magnus Rostad, Sander L. Haga og Morten Hærem Wesnes, alle tre frå Stavanger, saman med vertskapen Roald og Marianne Voll.

På segltur

Sander kom først, i førsten av juni, mens Morten er den ferskaste på bruket. Han kom direkte frå seglbåttur i Frankrike, og sette kursen strake vegen over Nordsjøen til Ombo då han fekk tips om at det var arbeid å få i frukthagen her.

Nå ligg han på svai i Jørstadvåg med båten, kor han bur og steller seg sjølv inn imellom øktene som epleplukkar.

-Det er ein kjempefin jobb. Dessutan dyrkar dei verdens beste eple her, er alle tre enige om.

 -Verdas beste eple, synes Morten Hærem Wesnes.

Kjekt å få jobba ute og kjekt å få bruka kroppen. Dessutan har veret absolutt vore på deira side i sommar. Bada har dei også, i Vatlandsvatnet, som er eit av dei største vatna på Ombo.

Kul øy

-Ombo er ei kul øy. Du skal ikkje gå langt før du får ein følelse av villmark med både ørn og rådyr, seier dei.

Kunsten å plukka eple er forresten ingen enkel jobb.

For det første er det sjølvsagt kun dei modne epla som skal plukkast. For det andre må dei behandlast ytterst forsiktig. Som om ikkje det var nok, heng dei i klasar på trea og gjer det til ei utfordring å plukka dei modne epla, utan at resten losnar og sprett av garde til alle kantar.

For strengt

Ein umulig jobb, tilsynelatande, men dei ivrige epleplukkarane frå Stavanger ser ut til å meistra kunsten.

Roald Vold og kona Marianne er godt nøgd med innsatsen til dei tre, men synes det hadde vore litt håplaust viss dei skulle måtte læra opp folk frå grunnen av kvart år.

Innreisereglane som har vore under pandemien har nemleg gjort arbeidet utfordrande for ekteparet. Det har blant anna ført til trøbbel for å få dei faste arbeidsfolka frå Aust-Europa tilbake.

 Her gjeld det om å vera nøye, og forsiktig. Sander L. Haga og Morten Hærem Wesnes i gang med eplehaustinga.
Publisert: