-Det er meir arbeid enn eg trudde, seier Fogn sin ferskaste tomatprodusent, Geir Arne "Geggi" Selvær.|Ikkje hausteklare tomater av sorten Liveno, heng til modning i drivhuset på Fogn.|Geir Arne Selvær er stolt over det han har fått til, og angrar ikkje på at han satsa på Fogn.

Av Oddbjørg Måland,

FOGN:

Om det ikkje er nøyaktig 100 dagar sidan han flytte til Fogn og byrja med tomatar, er det ikkje langt unna. No gjer han som dei amerikanske presidentane og tek ei oppsummering. Kva har skjedd, korleis har det gått?,

-La oss byrja med å slå fast at Fogn er ei fin øy.

-Nei, eg berre tullar, ler han og held fram: Den største overraskinga er kanskje at det er meir arbeidskrevjande enn me hadde tenkt, sjølv om me var innstilte på mykje arbeid. Plantane veks sykt fort, det var vanskeleg å førestilla seg dei svære mengdene på førehand. Det er mest så ein kan sjå at dei blir større for kvar dag. Bortsett ifrå det, har oppstarten gått bra, tykkjer eg. Det er mykje å setta seg inn i naturlegvis, lærekurva er bratt, men me lener oss tungt på mentor Arne. Dette prosjektet hadde ikkje lete seg gjennomføre om det ikkje var for Ingvild og Arne (Torgersen, red anm)

Angrar ikkje

-Så du angrar ikkje på valet?

Geir Arne Selvær er stolt over det han har fått til, og angrar ikkje på at han satsa på Fogn. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland

-Ikkje i det heile tatt. Valet er heilt rett, og me har funne plassen vår. Me hoppa uti på djupt vatn og må læra på den harde måten. Det er jo slik dei fleste stader at vegen blir til mens ein går. Utfordringa er at eg har full jobb utanom tomatproduksjonen som utgjer eit årsverk. Når oktober kjem skal me setta oss ned, og ta den skikkelege oppsummeringa, ikkje berre av dei fyrste 100 dagane, men av heile den fyrste sesongen. Når den tid kjem har me gjort oss nokre nyttige erfaringar og forstår naturlegvis meir av kva dette går i. Dermed blir det lettare å planlegga neste sesong.

-Og den største oppturen?

-Heile pakken, vil eg sei. Berre å få gå mellom drivhusa, kjenna på varmen og sjå kjekke ting veksa, det er reine Spania-følelsen. Eg likar denne livsstilen.

Bitte litt erfaring

Då Geir Arne og Mette budde i Spania dyrka dei tomatar og sitrusfrukt. I ein liten flik av det eine drivhuset på Varland, dyrkar dei same tomatane her. Såleis har dei litt erfaring med tomatproduskjon.

-Du har lært deg alle triksa?

-Eg held på. Eg bruker mykje lenger tid på dei forskjellige arbeidsprosessane enn dei proffe, så eg jobbar med å auka tempoet for kunne å spara tid. Det er vel slik at tempoet kjem med erfaringa. No er det viktigaste at eg lærer meg alle prosessane og gangen i heile produksjonen. Så eg reknar med det blir lite lediggang i månadane framover, avsluttar Geir Arne Selvær, som skal levera vel 50 tonn runde tomatar av typen Livento.

Ikkje hausteklare tomater av sorten Livento, heng til modning i drivhuset på Fogn. Foto: FOTO: Oddbjørg M. Måland