Arkivfoto: Bellona undersøkte dei to supplyskipa som ligg fortøyd på Bru i august.|Bellona gjekk nøye til verks då dei undersøktre dei to skipa.

BRU: Bellona var fredag i møte med representantar frå Stavanger kommune, Kystverket, Sjøfarts- og Miljødirektoratet.,

Kommunalsjef Kurt Idland i Stavanger kommune seier at han håpar dette kan bli begynnelsen til slutten for at dei to skipa skal ha kaiplass på Bru.

-Me har eit betre grunnlag nå enn før for å få dette til, og kjem til å setja inn ressursar for å fylgja opp saka, seier Idland.

Han legg til at sjølv om det kom gode innspel på møtet, er det så langt han oppfattar det ingen som har eit fascitsvar på korleis saka skal løysast.

-Men me fekk ein del gode innspel, spesielt når det gjeld det ytterste av dei to fartøya, "Sea Pilot", opplyser Idland.

Bellona gjekk nøye til verks då dei undersøktre dei to skipa. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Miljøorganisasjone Bellona saumfarte torsdag dei to skipa som ligg fortøyd ved den kommunale kaien på Bru, like ved makrellmottaket til Tor Bernhard Harestad. Bellona reknar med at det kan vera så mykje som 100 tonn diesel- og hydraulikkolje pluss anna miljøavfall i dei to rusta supplyskipa som ligg ved kai på Bru.

-I tillegg er det ein god del oljesøl i botnen på skipa pluss borevæsker, seier Hauge, som påpeikar at det er små marginar å gå på når det gjeld sikkerheten for dei to skipa. Bellona undersøkte dei to båtane med fjernstyrt undervannskamera torsdag.

Det viste rusta skrog og opptærte sinkanoder. Ifølge Bellona er det ikkje meir enn ein god meter klaringf mellom skipa og havbotnen.

-Det skal lite til før dei dunkar nedi. Kjem det ein storm kan det fort bli slått hol i skroget, seier han.