Registrering til Boknamarsjen. Synne Langvik (2,5 år), Inger Langvik, Hilde Haugland og Fritz Andersen.|||Christian Thorstensen, Gunnbjørg Thorstensen, Inger Brit Andersen og Ann Margrete og Sigmund Rosnes måtte søke tilflukt i skyggen.||Fiskekokuranse. Marius Dimmen og barna Casper og Celina prøver fiskelykken.|||||På toppen av Sør-Bokn: Martha Bjerga , Jens Vestersjø, og Ingunn Bjerga.|

SØR-BOKN:

Boknadagen er blitt arrangert i 25 år, og laurdag var det mange som ville vera med i det flotte seinsommarvêret. Tur til Boknafjellet og fiskekonkurranse var mellom det som stod på programmet for dei 120 som deltok.,

På toppen av Sør-Bokn: Martha Bjerga , Jens Vestersjø, og Ingunn Bjerga. Foto: FOTO: Ingvill Sømme

Boknadagen blir arrangert for å gi inntekter til Boknahuset,  grendahuset på Sør-Bokn som held til i den gamle skulen som blei bygd i 1910. Huset har også vore brukt som bedehus. I tillegg til å gi inntekter til huset er arrangementet også ein bygdadag og ein møteplass for fastbuande og hyttefolk.

I fjor var det ikkje Boknadag på grunn av Covid-19, og arrangementet i år var også litt neddempa. Men likevel kosa folk seg med medbragt niste, og kunne kjøpa lappar, skuleboller, brus og kaffi. Det var også loddsal til inntekt for huset, og totalt ga dette inntekter på 20.000 kroner til Boknahuset. Arrangementet blir også sponsa av Coop Extra på Finnøy.

Fiskekokuranse. Marius Dimmen og barna Casper og Celina prøver fiskelykken. Foto: FOTO: Tor Egil Espeland.

Inntektene frå tidlegare Boknadagar har gjort det mulig å ordna vatn og kloakk og vinduer er sett i god stand av Ryfylke Trebåtbyggeri. Nå står utskifting av vannstokk og oppgradering av kjøkkenet for tur.

-Ein stor takk til alle frammøtte, utan dei ville det ikkje vore nokon Boknadag, seier Tor Egil Espeland, leiar i styret for Boknahuset.

Christian Thorstensen, Gunnbjørg Thorstensen, Inger Brit Andersen og Ann Margrete og Sigmund Rosnes måtte søke tilflukt i skyggen. Foto: FOTO: Tor Egil Espeland.