Helene Bø fortel om ei næring i krise, men er likevel optimistisk på sikt. Ho er glad for at dottera Vivian Bøe Djønne, blir med på laget frå nyttår.

FOGN:

Frå 1. januar går nemleg dottera Vivian Bøe Djønne (23) inn i næringa, til stor glede for mor Helene.,

Som alle veit har enerigikostnadane auka kraftig i det siste. Dette har skapt ein akutt vanskeleg økonomisk situasjon for veksthusnæringa.

- Eg har gått mange rundar med meg sjølv, og tenkt og tenkt, skal, skal ikkje. Sjølv før straumsjokket, gjorde eg det. Men no har eg teke eit val, og går inn med pågangsmot og eit ønskje om å vera med å gjera noko for ein kriseramma bransje. Men det er skummelt akkurat slik situasjonen er no. Eg håper jo ikkje det blir slik i framtida at eg må vurdera kvart år om det går an å driva vidare. Men kva som skjer om eitt år når eg skal ta fyrste vurdering, det veit eg ikkje. Det er det eg skal finna ut i løpet av 2022, fortel Vivian.

Eit liv etter nøden

Ho får ein knallhard start på karrieren, Vivian. Heldigvis er ho fødd inn i bransjen og har opplevd krisetider før.

- Takka vera det gode fjoråret, er det grunn til å tru at situasjonen vil ta seg opp igjen. Bransjen har slite i motvind før, så eg vel å tru at me skal klara oss også denne gongen. Me skal sjølvsagt overleva, klart me skal. Men spesielt januar, februar og mars blir knalltøffe månadar. Det er ingen tvil om at me står i den største krisa nokon gong, fortel Helene Bø som er tredje generasjon tomatprodusent ved Søravåg gartneri på Fogn.

Det har blitt produsert tomatar på garden sidan morfaren hennar Olav Selvåg starta i 1933.

https://www.oyposten.no/2021/12/28/gasspris-pa-to-kroner-frarar-eldre-gartneri-a-planta-i-neste-ar/

Helene kjenner ekstra på den vanskelege situasjonen i og med at ho er i  ferd med å investera mange millionar kroner i nytt veksthus. Eit topp moderne hus på snautt 4.5 mål med byggestart 10.januar neste år.

- Det er klart at dette gjer ikkje situasjonen lettare. Eg har teke store investeringar basert på heilt andre kostnadar enn det me opplever no. Det går heller ikkje an å automatisk rekna med å kunne ta ut kostnadsauken i marknaden. Det veit me ingenting om ennå.

Frå i fjor til i år har naturgassprisen mangedobla seg.

- Det er så mykje at «ingen» kan overleva særleg lenge med slike prisar, difor må me tenka nytt og forsøka finna ei løysing på kort sikt.

Det betyr at fleire tomatprodusentar på Fogn og i resten av kommunedelen no legg om til bruk av propan, og er i ferd med å få installert propantankar. Enkelte mindre produsentar har bestemst seg for leggja inn årane.

Knalltøff sesong

For Helene sin del vil omlegging til propangass utgjera ein ekstra kostnad på snautt 400 000 kroner.

- Me må jobba knallhardt for å maksa ut avlinga til neste sesong, det er ingen marginar å gå på. Alle andre produksjonskostnadar aukar også frå nyttår. Det er ingen tvil om at det blir eit tøft år.

- Me er sjølvsagt uroa for heile veksthusnæringa, det gjeld ikkje berre oss som produserer tomatar, men også mange andre kulturar. Produksjonen er basert på energiprisar som er ein brøkdel av dagen prisar. Difor går mange no tilbake til bruk av propangass, eit system som me heiv ut av drivhusa då Lyse introduserte naturgass i røyr på 2000-talet. Skal me overleva kommande sesong er me nøydd å ta dette steget.

«Det er ingen tvil om at det blir eit tøft år.»

- Men når det er sagt, er heller ikkje propan eit billig alternativ. Propangassen er dyr, faktisk veldig dyr, men det er det einaste alternativet om me skal fortsetta. Å gå ifrå naturgass i røyr til å installera svære tankar som skal fyllast med propangass frå tankbilar, er det siste eg kunne tenka meg skulle skje. Det er omtrent som å kasta mobiltelefonen og gå tilbake til fasttelefon. Nei, denne situasjonen trur eg ingen i bransjen hadde sett komma.

Som eit kostsparande ledd skal Helene utsetta innplantinga ein månad.

- Eg trur dei av produsentane som har moglegheit, kjem til å gjera det same. I andre enden håper eg å kunne utvida sesongen til ut november, eg tenker det bør gå greitt. Men då er me avhengige av at marknaden er villige til å betala for norskproduserte tomatar. Eg håper verkeleg at alle ledd i verdikjeda er innstilt på å gjera det beste, slik at me alle klarer å berga oss gjennom denne kommande sesongen, avsluttar Helene Bøe.