Utstein Kloster-kyrkja|Kyrkja i Hesby er under restaurering, men skal åpna igjen i slutten av mars.

FINNØY-RENNESØY: Stiftinga Pasjon har gjennomført pasjonsspel i domkyrkja i Stavanger i mange år. Men nå er domkyrkja under restaurering,  og det er difor ikkje mulig å gjennomføre nye pasjonsspel før i 2025.,

I staden planlegg styret for Pasjon å gjennomføra eit mindre og litt annanleis prosjekt i år, som vil bestå av eit semniar og eit skuleprosjekt.

Skuleprosjektet skal gjennomførast i eit samarbeid med elevar ved Mosterøy skule, Finnøy sentralskule og middelalderkyrkjene på Hesby og Utstein Kloster.

Kyrkja i Hesby er under restaurering, men skal åpna igjen i slutten av mars. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Gjennom eit samarbeid med studentar frå kunstfagleg utdanning ved universitetet i Stavanger og Høgskolen på Vestlandet, skal det skapast og produserast forestillingar som skal visast fror grunnskulelevar i heile kommunen, skriv pasjonsstyret i ei orientering til skulesjef Jørn Pederesen i Stavanger kommune.

Førebuingane er godt i gang både på Finnøy og på Mosterøy, heiter det vidare, i samarbeid med representantar frå kyrkja, studentarar og lærarar.

Planen er å invitera skulekklassar frå resten av kommunen som publikum 29. mars til 1. april, og styret vil difor gjerne koma i dialog med skulesjefen om dette. Det blir også lufta om skulesjefen har anledning til å dekka heile eller deler av skyssutgiftene