Fellesnemda for Nye Stavanger behandla måndag kveld ei sak om korleis ein skal avgrensa område for eigedomsskatten i den nye kommunen. Det er i dag forskjellige satsar i dei tre kommunane, og dette må bli samordna. Representantane frå Finnøy og Rennesøy er opptekne av at intensjonsavtalen skal gjelda og Schanche var krystallklar då ho gjekk på talarstolen på Utsyn.,- Premissane i intensjonsavtalen er klare. Det vil bli sett på som løftebrot om ikkje områder i Finnøy og Rennesøy får fritak frå eigedomsskatt, sa ho – og fekk støtte frå Tor Bernhard Harestad (Frp),- Det skulle ikkje bli eigedomsskatt i dei to minste kommunane. Difor stemte folk i Rennesøy og Finnøy for å gå inn i Nye Stavanger.,

Klar bestilling

Det ligg an til eit politisk oppgjer om eigedomsskatt seinare i 2019. Diskusjonen no var kva prosjektrådmannen skal greie ut. Jostein Eiane (KrF) fremma på vegne av Høgre, Venstre, KrF og Senterpartiet eit forslag som presiserer at det skal leggast vekt på å få til ei «rettferdig fordeling» av eigedomsskatten i Nye Stavanger:,«Prosjektrådmannen bes utrede forskjellige alternativ til inndeling av,eiendomsskatteområde i nye Stavanger herunder at i et av alternativer skal ta utgangspunkt i dagens ordning i Stavanger. Det opprettes to soner for innkreving av eiendomsskatt i Finnøy og Rennesøy: Nullsone og lav sone. I arbeidet med soneinndeling legges avgjørende vekt på om områdene ville falt inn under eller utenfor definisjon «utbygget på byvis.»

Likt for alle

Sjølv om dette ikkje vil bli avgjort før seinare i 2019, er kampen i gang. For dei tre kommunane til saman dreier det seg om rundt 290 millionar kroner i eigedomsskatt. Det vil bli kamp om kven som skal betala og kven som slepp, og det er slett ikkje alle som er einige med tolkinga til politikarane i Rennesøy og Finnøy:,- Det kan ikkje vera slik at nokon betalar, medan andre får sleppa. Me må ha dei same reglane for alle innbyggarane i den nye kommunen. Ein innbyggar på Vassøy kostar meir en ein innbyggar på Storhaug, meinte Frode Myrhol frå bompengepartiet, medan Christian Wedler frå Frp nytta høvet til å repetera at hans parti er mot heile skatten.

Jostein Eiane meiner det er ein god ide å ta utgangspunkt i dagens ordning i Stavanger, og presiserte at intensjonsavtalen er klar.

- Dette er forankra i befolkninga og det må me etter mi meining fylgjer opp. Klarer me dette i denne saka, så vil me klara det i andre vanskelege saker i samanslåingsprosessen, seier Eiane – som til slutt fekk klart fleirtal for fellesforslaget frå Høgre, Venstre, KrF og Senterpartiet.

Fellesnemd for ungdomen

,Det er viktig å lytte til ungdomen. Det meiner Fellesnemda som måndag sa ja til å opprette ei Ungdomens Fellesnemd. Den skal bestå av tre medlemmer frå kvar kommune. Ungdomsråda i Finnøy og Rennesøy har enno ikkje teke stilling til kva dei meiner om dette.