Snart kan fiberkabelen rullast ut også på Byre.|Fisterøyane ligg som perler på eri snor. Byre er den bakerste av dei tre øyane midt på biletet, med Tjørnøy og Sør-Bokn framfor. Begge dei har alt fått fiber.|Idylliske Helgøysunder er innfallsporten til Sjernarøyane. Det planlagde hytteområdet ligg på øya til høgre, Helgøy.|Bare Tjul vil nå vera utan fiber-tilknyting.

BYRE:

Etter at både Sør-Bokn, Måløy og Tjørnøy fekk fiber, stod bare Byre igjen. Her sa først Lyse nei fordi kostnadane blei for høge og interessa var for lita, men nå blir det utbygging like vel.,

-Me reknar med arbeidet vil begynna på nyåret, opplyser prosjektleiar i Lyse, Richard Bjerga.

Ifølge Bjerga er det 46 på Byre som vil slutta seg til fibernettet på Byre.

Harald Wiig Bjørn-Nilsen, grunneigar på Byre, seier utbygging av fiber er ei viktig sak, også for Byre.

https://www.oyposten.no/2021/02/26/varloysing-for-fiber-til-fisteroyane/

-Me er svært glad for at dette nå blir noko av,  men det har ikkje kome av seg sjølv. Hytteforeninga på Byre har gjort ein formidabel jobb med å få folk til å teikna seg for fiber. I tillegg har eg saman med dei andre grunneigarane gjort ein jobb med å blinka ut ny trase, som gjer at kostnadane med utbygging blir mindre, seier Wiig Bjørn-Nilsen.

Også på Brimse i Rennesøy kommunedel er arbeidet godt i gang med å leggja fiber, og dermed er det bare eit øy som ikkje kan logga på fibernettet: Tjul i Sjernarøyane.

Her vann Telenor kontrakten for utbygging, utan at noko har skjedd – fleire år etter dei øvrige øyane har fått fiber.,

Magnus Line, informasjonssjef for breiban i Telenor, skriv i ein epost til Øyposten at "Telenor hjalp i sin tid Finnøy kommune med kostnadsestimater knyttet til fiberutbygging til Tjul. Etter kommunesammenslåingen har det imidlertid ikke blitt lyst ut anbud om fiber til Tjul.

Å bygge fiber til Tjul krever en egen sjøkabel og ganske store investeringer. Når det er kun en håndfull fastboende her, blir fiber lite hensiktsmessig. Vår anbefaling vil være at de fastboende får seg trådløst bredbånd over mobilnettet. Trådløst bredbånd er Telenors nyeste bredbåndsprodukt og leveres uten ventetid eller graving. Det er god 4G-dekning på Tjul, og trådløst bredbånd vil også fungere godt over 5G når det kommer til Sjernarøyane".

På Ombo er det også mange som mulighet for fiber-tilknyting, seier Kjell Nes.

-Det er fiber bare i Eidssund, mens Telenor har avvist forespørslar frå private til dømes i Jørstadvåg. Grunngjevinga er den same som for Tjul, men problemet er at det mange stader på Ombo ikkje er mobildekning. Då hjelper det lite med trådlaust breiband, seier Nes.

Fisterøyane ligg som perler på eri snor. Byre er den bakerste av dei tre øyane midt på biletet, med Tjørnøy og Sør-Bokn framfor. Begge dei har alt fått fiber. Foto: FOTO: Rune Nedrebø