Leiar i Finnøy og Rennesøy landbrukstenester Arne Madland.|Grafen viser vaksinestatus for 1. og 2. dose i Stavanger, per. 22.11.2021.

FINNØY:

Arne Madland ved Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester er uroa over situasjonen når det gjeld vaksinestatus på arbeidsinnvandrarane i området.,

– Arbeidsinnvandrar frå Øst-Europa er generelt meir skeptiske til å ta koronavaksine enn norskfødte, og det kan skapa problem for arbeidsplassane, meiner Madland.

Problemet er at så lenge ein arbeidsinnvandrar ikkje har koronapass, blir det vanskelegare å komma inn i Norge. Det kan få konsekvensar for lokalt næringsliv som er avhengig av arbeidskraft frå utlandet.

Enkel løysing

No er dette spesifikke arbeidsmarkedet i ein sårbar situasjon, meiner Madland.

– Det som bekymrar oss aller mest er at me ikkje skal få nok folk. Me har i utgangspunktet ikkje fleire arbeidarar enn me treng, difor er situasjonen svært sårbar. Lokalt næringsliv er heilt avhengig av utanlandsk arbeidskraft for å få hjula til å gå rundt. Kjem ikkje heile arbeidsstyrken på plass, kan det få store konsekvensar.

– Med fjorårets innreiseforbod friskt i minne, er det særdeles viktig at alle som jobbar her tek vaksinen. Det gjer prosessen med innreise, arbeidskontrakt og opphald mykje mindre krevjande for alle partar, fortel Madland.

Det er også eit anna perspektiv oppi dette, ifølge Madland, og det er omsynet til kollegaene som allereie er vaksinerte, og dei enkelte arbeidsplassane.

– Mange er sjølvsagt redde for utbrot i bedrifta og kollegar er ikkje komfortable med å jobba saman med uvaksinerte. Me har jo sett at sjølv med to vaksinedoser, går det an å bli smitta. Dette er ein utfordrande situasjon som kunne vore løyst på ein svært enkel og trygg måte, seier han.

Grafen viser vaksinestatus for 1. og 2. dose i Stavanger, per. 22.11.2021. Foto: FOTO: FHI

Stolar ikkje på vaksinen

– Kva er det som gjer at dei ikkje vil vaksinera seg?

– Det er nok fleire ting. Mange meiner at ulempene med å ta vaksinen er større enn fordelane. Dessutan har dei ikkje på same måte som oss tillit til styresmaktene, det er ein kjent problemstilling frå fleire hald. I tillegg er det enkelte religiøse overtydingar som gjer at dei ikkje vil la seg vaksinera, fortel Madland.

Reglane for innreise til Norge er slik at dei som ikkje kan dokumentera at dei er fullvaksinerte eller har hatt covid-19 i løpet av dei siste seks månadane, har større vanskar me å komma inn i landet. Dei som derimot har eit slikt pass, kan reisa til Norge uavhengig om landet dei kjem frå er "grønt" eller "raudt", og det er heller ikkje nødvendig å søka om innreise.

– Kor mange arbeidarar er det som kan risikera å ikkje komma inn?

– Eg kan ikkje sei sikkert, men nok til at det gir oss store utfordringar. Heldigvis er det mange som bur her fast, så det er berre snakk om sesongarbeidarar, fortel Arne Madland.