FINNØY: Det var ikkje berre at julemessa var digital som var nytt av året. Det tradisjonelle salet av småkakene som har vore fast innslag på messa i 40 år, var byta ut med dans på kaia. Saman med eit anna nytt arrangement, misjonsløpet på Sentralskulen, kom det inn rundt 35 000 kroner på desse to arrangementa.,

- Ja, kven skulle tru det. At misjonen skulle oppmoda til dans, og til og med samla inn pengar på det? Det er ikkje mange år sidan at det var ein utenkeleleg tanke. Men, det er tydeleg at litt fornying kan vera av det gode. Elles var det meste som før med sal av blant anna kransar, gravpynt og ulikt handarbeid. Me mista diverre to dagar med basar, og det utgjorde nok den største skilnaden reint pengemessig, for i fjor blei sluttresultatet 210 000 kroner. Til gjengjeld blei loddsalet i bøkene rekordstort i år. Når det er sagt, er me svært godt nøgd med både avviklinga og resultatet av årets julemesse, seier Astrid Throndsen.

I motsetning til tidlegare år blei årets julemesse eit digitalt lotteri, der loddsalet i stor grad føregjekk på facebook og SMS, og betalinga på vipps.

- Hadde det ikkje vore for korona hadde me ikkje gjort oss denne erfaringa. Det var kjekt å oppleva korleis kreativiteten blomstra då komiteen blei tvinga til å tenka nytt. Så sjølv om me gjerne skulle fylt kulturstova med yrande liv på julemessa i år og, er me glad for digitale løysningar og nye måtar å gjennomføra på. Ikkje minst var det kjekt at å sjå at den nye måten å arrangera  på, gjorde at nye folk blei knyta til julemessa, og då tenker eg spesilet på dei yngste som dansa og sprang. Eg trur det er rett å sei at ei annleis julemessa blei meir vellukka enn venta, avsluttar Astrid Throndsen.

Julemessene gir kjærkomen inntekt til misjonsorganisasjonane.

Normisjonen har søkt staten om krisepakka 3 på 50 000 kroner få å dekka mellomlegget på inntektene i forhold til fjoråret.