Furre må vera navnet, meiner kommunedelsutvalet, og nå også dei folkevalde i Stavanger. (Foto: Rune Nedrebø)

SJERNARØY:

I sommar vedtok Kartverket at gardsnummer 162 i Finnøy kommunedel skal skrivast Fora. I september blei vedtaket påklaga av Johnny Johannes Furre på vegne av Furre gard. Han ønskjer skrivemåten Furre. Spørsmåler nå er er om skrivemåten skal vera Fora, Fåra eller Furre?,

- Eg har aldri opplevd eit slikt engasjement i ei namnesak om gateadresse før. Då klagefristen gjekk ut for nokre dagar sidan var det komme inn rundt 30 innspel, det må vera rekord. Det kan vel tenkast at det er knyta meir følelsar til eit stadsnamn enn berre eit enkelt gatenamn, seier rådgivar i avdelinga for kart og digitale tjenester, Susanne Kråkenes.

Nå som klagefristen er over går saka vidare til kommundelsutvalet i Finnøy før den fortsett til utval for by og samfunnsutvikling i kommunen som lagar eit samanstilling av alt som har komme inn av høyringsinnspel og vedtak, og sender vidare til språkrådet. Til slutt er det kartverket som fattar det endeleg vedtaket. Dette er ein langdryg prosess, og det er ikkje venta endeleg vedtak før neste haust.

- Kva for skrivemåte er det folk flest vil ha?

- Dette er ingen avstemming. Kartverket tek ingen avgjersle på bakgrunn av kva folket meiner, men det det kan henda politikarane tek omsyn til det. Av alle innkomne innspel vil dei aller fleste ha skrivemåten Furre, men det er dermed ikkje sagt at det er slik det blir, seier Kråkenes.