God tone mellom opposisjonspartia. Frå venstre Mads Danielsen, Frp, Sissel Knudsen Hegdal, H, Henrik Halleland Kr.F, Karl Sandvig Pensjonistpartiet og Jan Erik Søndeland, Venstre. (Foto: Jon Asgaut Flesjå)

FINNØY/RENNESØY:

Og ikkje uventa, var det i all hovudsak løyvingane til skulane som stod i fokus på det nye innbyggjartorget, og ikkje minst dei urimeleg utslaga den såkalla ressursfordelingsmodellen gir for skulane i Finnøy.,

Som Øyposten tidlegare har omtala, så vil både Høgre og Kr.F har ei overgangsordning her, som då ikkje gjer seg utslag i form av at løyvingane til skulane blir kraftig redusert. Både Venstre ved Jan Erik Søndeland  og Karl Sandvig frå Pensjonistpartiet slutta seg til dette. Det same gjer Fr.P, som var representert med Mads Danielsen.

Tidlegare ordførar ,Kjell Nes frå Ombo, påpeika at dei økonomiske kriteriane som tidlegare galt for tildeling av midlar til skulane i både Finnøy og Rennesøy, også skal gjelda i 15 år etter kommunsesamanslåinga.

Intensjonsavtalen er grunnlova

-Så slik sett er det ikkje økonomiske grunnar, med utgangspunkt i  trongare ramer generelt, for å kutta i løyvingane til skulane, påpeika han.

Olav Halsne peika på viktigheita av at intensjonsavtalen vert etterlevd.

-Dette var og er nærmast som ei grunnlov for oss som sa ja til kommunesamanslåing. Difor forventar me også at intensjonsavtalen vert etterlevd. Og det er nærmast som eit svik mot innbyggjarane i Finnøy og Rennesøy når enkelte posisjonspolitikarar, som diverre ikkje er her i kveld, går ut og seier at intensjonsavtalen ikkje gjeld lenger.

I det perspektivet forventar eg også at posisjonspartia står opp for distrikta og øyane i den nye kommunen, og tek heile kommunen i bruk. Det gjeld ikkje minst dei forpliktelsane som ligg i å leggja til rette for at Øyfast blir realisert.

-Eg har eit inderleg håp om at i alle fall mine etterkomarar skal få sjå at tunnellane blir bygd, og at eg i alle fall "kan lukke igjen augo for godt" i full visshet om at Øyfast kjem, sjølv om eg gjerne ikkje får oppleva det sjølv, avslutta Daniel Nedrebø, som sjølv ga uttrykk for at han raskt er i ferd med å nerma seg dei 80.

-Utan utsiktene til eit Øyfast er eg redd øyane blir avfolka. Då er dei ikkje attraktive for korkje hyttefolk eller andre lenger. Dei vil bare gro til, og ingen vil bruka dei, åtvara og konkluderte den innovative sjernarøybuen, som er sjølve opphavet til lakse- og oppdrettseventyret i øyane slik det framstår i dag.

-Ferjer er dessverre ikkje framtida og er blitt alt for dyre å drifta. For medan inflasjonen og prissitigninga berre har vore på litt over 20 prosent dei 10 siste åra, har kostnaden med ferjedrifta auka med heile 43 prosent i det same tidsrommet. Då seier det seg sjølv at dette vil bli for dyrt å halda på med for stat og fylkeskommunen og difor bli ein salderingspost i framtida, slo Kjell Nes fast.

Treng fleire arbeidsplassar i og nær Vikevåg sentrum

Ikkje uventa var det det påtenkte kommunehuset i Vikevåg, som også ligg inne som eit sentralt punkt i intensjonsavtalen, som blei eit viktig tema på møte i Vikevåg, fortel kommunestyrerepresentant Henrik Halleland frå Finnøy.

-Eit viktig og heilt sentralt tema blir difor også korleis ein skal klara å skapa meir aktivitet gjennom handel, service og anna type næring i og nær Vikevåg som eit framtidig pulserande kommunedelssenter. Utfordringane ligg også i den store utpendlinga til arbeid frå både Rennesøy, Mosterøy og dei omkringliggjande kommunedelane i tidlegare Rennesøy kommune.

Statestikken viser at heile 70 prosent pendlar ut av kommunedlen på jobb dagleg. I Finnøy er utpendlinga på berre 28 prosent, og i tillegg har me Judaberg som eit sentralt trafikknutepunkt for heile Ryfylke.

Eit alternativ kan difor vera å leggja nokre kommunale funksjonar som i dag ligg i Stavanger ut til Rennesøy, slik staten gjer med ein del offentlege arbeidsplassar.

Det som likevel er positivt, og som også blei påpeika på møte, er den store satsinga og den store økonomsike riskoen Stavanger kommune no tek med å få på plass både gang og sykkelsti og anna type infrastruktur ut til næringsområdet på Hanasand. Det kan gi svært positive synergiar for heile Vikevåg og Rennesøy, men også for Finnøy, om ein lukkast med å få på plass nyetableringar her, meiner Halleland. I det perspektivet tek verekeleg Stavanger kommune både ein stor risiko og eit stort øknomisk ansvar her.